Gunnar Larsen Plany
GODT MOTTATT: 1. kvartalstala som Hav Group-sjef Gunnar Larsen la fram blei godt mottatt på børsen.
Nytt

Børsopptur for Hav Group

Aksjekursen i Hav Group steig til ny rekord då 1. kvartalstala kom.

28.05.2021

Klokka 13:27 var kursen i Hav Group 16,01 kroner. I det børsmeldinga med kvartalsrapporten og resultatet for 1. kvartal vart sendt ut klokka 14:10 steig kursen kraftig på kort tid.

Klokka 14:35 i går vart det handla Hav Group-aksjar til kurs 17,97 kroner. Det er ny rekordnotering for aksjen. Ved børsslutt var kursen 17 kroner aksjen, ein auke på 6,25 prosent frå dagen før og ein kurs som verdset selskapet til 595 millionar kroner.

I kapitalutvidinga før børsnotering 4. mars vart selskapet prisa til 18 kroner per aksje, men kursen fall i starten til botnnoteringa 13,2 kroner aksjen 24. mars.

Skild ut frå Havyard
Hav Group er resultatet av at Havyard Group let skipsbyggingsverksemda si vere att i Havyard Group og skilde ut resten.

Det er fire selskap under Hav Group-paraplyen:

Havyard Hydrogen teiknar og set saman anlegg for å bruke hydrogen som drivstoff ombord i skip. Skipsdesignverksemda er samla i Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems lagar skipselektrosystem og -design, medan Norwegian Greentech lagar reinseanlegg for ballastvatn.

Hav Group auka driftsinntektene og gjekk frå minus til plussresultat i 1. kvartal samanlikna med 1. kvartal 2020 (sjå tabell). Selskapet spår vekst både i 2021 og 2022.

Les børsmelding her

Delvis reknskap
Havyard Group sin viktigaste eigedom er aksjeposten på 66,46 prosent i Hav Group.

Selskapet vidarefører skipsbygginga ved skipsverftet i Leirvik i Song, men legg om til å vere eit ombygging-, vedlikehald- og reparasjonsverft etterkvart som skipa som er under bygging blir levert.

Med gårsdagens aksjekurs i Hav Group er Havyard sin aksjepost verdt 395 millionar kroner.

Børskursen i Havyard Group verdset Havyard Group til 282 millionar kroner. Havyard Group offentleggjer berre ein mindre omfattande rapport for 1. kvartal.

Les børsmelding frå Havyard Group her

Hav Group ASA
1. kvartal. I mill. kroner20212020
Driftsinntekter307,7186,8
Driftsresultat19,223,4
Resultat før skatt17,6-8,1
Havyard Group ASA
1. kvartal. I mill. kroner2021
Driftsinntekter367,3
Resultat før skatt10,4

Publisert: 28.05.2021 09:00

Sist oppdatert: 28.05.2021 09:03

Mer om