Lars j hagseth henrik dalelid vedde joachim orvik foto ferjeaksjonen møre og romsdal 222
FERJEORGANISASJON: Lars J. Hagseth (f.v.), Henrik Dalelid Vedde og Joachim Orvik er mellom dei som frontar Ferjeaksjonen Møre og Romsdal. Foto: Arnt Sommerlund/Ferjeaksjonen Møre og Romsdal
Nytt

– For tidleg å sleppe jubelen laus

Vedtaket i Stortinget om å kutte betydeleg i ferjeprisane, er likevel eit stort skritt i rett retning, meiner ferjeaksjonen.

Marius Rosbach
23.02.2021

Tysdag vedtok Stortinget å sende ferjesaka til regjeringa med ei klar bestilling om ein nedtrappingsplan for korleis ferjeprisane skal halverast. Vedtaket som for berre få månader sidan verka langt unna, blei ein realitet ved at AP, Sp, SV, Rødt og Frp fann saman.

– Det er for tidleg å sleppe jubelen laus, men no får vi faktisk ei ferjereform – og det er veldig bra, fortel dagleg leiar Henrik Dalelid Vedde i Ferjeaksjonen Møre og Romsdal til NETT NO.

Vedtaket kom i samband med at Stortinget behandla ulike krisetiltak som følgje av koronapandemien. Men regjeringa blir beden om å kome tilbake til Stortinget i samband med revidert statsbudsjett i mai – med ein plan for korleis dette skal løysast.

– Dette er eit godt skritt i rett retning, men det står att å sjå om kartet og terrenget stemmer overeins når saka kjem tilbake frå regjeringa i mai. No er det opp til regjeringa og meisle ut detaljane, legg Dalelid til.

Vil kjempe for fleire av krava
Ferjeaksjonen har sett fram fem krav – der to i stor grad er oppfylt med dagens vedtak.

Vedde fortel at dei vil halde fram med å jobbe for å dei resterande krava – at ferjestrekningar må bli anerkjende som ein del av vegnettet, at ferjer bør bli gratis der lokalsamfunn er trua av fråflytting og arbeidsløyse og at Autopass-ordninga må forbetrast med lågare forskotsbetaling.

Bekymra for kompetanseflukt
– Vi ser med bekymring på den kompetanseflukta vi opplever i Møre og Romsdal. Rekrutteringsbasen for næringslivet blir svekka, og høge ferjeprisar og færre avgangar, gjer oss mindre attraktive i kampen om å få dei unge til å kome tilbake til regionen etter studietida, seier Vedde.

Aksjonsleiaren påpeikar at mykje av næringsliv og industri i fylke ligg i randsonene til dei større byane.

– Fleire av desse kommunane er trua av fråflytting og høg arbeidsløyse, og er avhengige av gode logistikkløysingar - og treng ikkje ytterlegare belastingar i ei tid der det for mange er tøffe tider som følgje av koronapandemien, legg han til.

Statsministeren etterlyser inndekning
Statsminister Erna Solberg har tysdag vore ute og etterlyst korleis dei om lag halvannan milliardane det vil koste, skal dekkast inn i budsjettet. Ferjeaksjonen vil ikkje driste seg til å kome med forslag til kvar pengane skal takast frå.

– Det er opp til politikarane å finne løysingane. Vi har teke på oss å formidle ei klart bodskap frå næringsliv og dei som er avhengig av å ta ferje, svarar Vedde.

Publisert: 23.02.2021 16:14

Sist oppdatert: 24.02.2021 08:28

Mer om