Vil korte ned avstanden frå utkant til by
Samferdsel og kollektivtilbod står høgt på lista når unge skal gi råd til regjeringa om ny distriktspolitikk.
Fråflytting og forgubbing er noko av den største utfordringa for mange kommunar – også på Nordvestlandet. I desse dagar jobbar eit regjeringsoppnemnt utval med ungdomar frå heile landet med å finne ut kva dei meiner skal til for at ungdom skal ha lyst til å bu i distrikta i framtida.
Etter det første møtet med samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) er det klart at samferdsel i distrikta er eitt av dei førebelse forslaga panelet har på blokka.
Joakim Myklebost Tangen er med i det fylkeskommunale ungdomspanelet i Møre og Romsdal. 18-åringen frå Gjemnes er den som følgjer samferdselspolitikken for panelet. Han kan skrive under på at samferdsel – og ikkje minst kollektivtilbod, er noko dei er opptekne av.
– Eg vil seie at det aller viktigaste er å sørge for at folk har moglegheita til å kome seg dit dei vil - når dei vil, fortel han til NETT NO.
Trur på bestillingstransport
– Om ungdom skal kome tilbake etter å ha studert, så vil dei vere vande med eit godt kollektivtilbod i byane. Ein del stader her i fylket, finst det snart ikkje kollektivtrafikk, fortel han.
Tangen vaks opp i bygda Øre der bussen går to gonger dagleg. Men han trur ikkje nødvendigvis det er fleire avgangar som treng vere løysinga.
– Vi i ungdomspanelet har vore opptekne av dette med bestillingstransport, som ei teneste vi trur vil bli meir aktuell. Då betalar ein det same som ein enkeltbillett, men bussen kjem når du treng den, forklarar han.
– Mange unge bryr seg for lite
Ei anna utfordring er å i det heile nå fram til ungdom, meiner Tangen.
– Mange unge bryr seg for lite og veit for lite om korleis dei kan vere med å utvikle samfunnet rundt seg. Likevel er det viktig at dei blir med fordi unge og vaksne ofte har ulike syn på alt frå kollektivtilbod, til skule og fritidsaktivitetar.
Fjordkryssingane Hafast og Møreaksen er mellom det som står øvst på «dei vaksne» sin dagsorden for store samferdsleprosjekt framover. Ungdomspanelet per no ikkje teke standpunkt til desse, fortel Tangen.
– Vi burde kanskje ha gjort det, men det er ei vanskeleg sak å ta stilling til, sjølv om det er viktig for utviklinga av samfunnet her, legg han til.
Trur på fjordkryssing
Ein som har teke stilling til fjordkryssing er den unge Herøy-politikaren Karl-Oskar Sævik. 25-åringen som er valt inn i kommunestyret og formannskapet for Frp, har stor tru på at Hafast-sambandet – som er planlagt mellom Hareidlandet og fastlandet - vil vere eit godt tiltak.
– Eg trur dei fleste unge innser at Hafast framleis er eit stykke opp og fram, og dermed let dei sterke meiningane om dette vente på seg. Men generelt så trur eg unge er positive, fordi avstanden til byen blir kortare, fortel han.
Behovet for urban avveksling, enklare tilgang til kulturtilbod og besøk til familie og vener, er mellom fordelar han trekk fram med fjordkryssing.
– Kollektivtrafikken i store delar av distriktet er slik at ungdom og unge vaksne er avhengige av bil. Om du bur i Ålesund kan du klare deg fint med buss, men til dømes her på ytre søre er det vanskeleg, seier han.
Arbeidsplassar avgjerande
Sævik har lita tru på å halde ungdom frå å reise vekk for å studere. Han meiner det er smartare å gi dei best mogleg opplevingar medan dei veks opp. Slik vil dei vere meir freista til å flytte tilbake når dei skal finne seg jobb og etablere seg.
– Arbeid til unge og ungdom er sjølvsagt avgjerande, og moglegheitene for ei god karriere er viktig for mange som har teke utdanning, legg han til.
Her vil ei fjordkryssing også bidra med å skape ein felles bu og arbeidsmarknad i regionen, i tillegg til at det blir meir effektiv for serviceverksemder og eksportvarer.
Skal kome med ti forslag
10 ungdomar i alderen 14–22 år blei fjor plukka ut blant over 100 ungdommar til å vera med i det regjeringsoppnemnde Ungdomens distriktspanel.
Til våren skal dei leggje fram 10 forslag til ny politikk som skal gjera det lettare for ungdom å busetja seg utanfor dei største byane.
I samband med arbeidet har Distriktssenteret arbeid mykje med å skaffa kunnskap og informasjon om ungdom i distriktet.
– Då vi starta fanst det svært lite informasjon om distriktsungdom, seier rådgjevar Anne Inre Myhr ved Distriktssenteret til Nynorsk Pressekontor.
Ho koordinerer arbeidet til senteret med Ungdommens distriktspanel, og meiner framleis det er ein stor jobb igjen å gjere.
– Det er behov for meir kunnskap om distriktsungdom, og det er eit stort behov for at kommunar og fylkeskommunane tek kunnskapen i bruk, slår ho fast.
Les også: Utval trur kreative kommunar vil lokke tilflyttarar
Planlegger ungdomsserie fra Ålesund
Synspunkt: Kva skal eg velje etter 10. klasse?
Ventar at éin av tre må jobbe i helse og omsorg
Auka fråflytting trugar distrikta
– Eg trur dei fleste unge innser at Hafast framleis er eit stykke opp og fram, og dermed let dei sterke meiningane om dette vente på seg. Men generelt så trur eg unge er positive, fordi avstanden til byen blir kortare, fortel han.
Behovet for urban avveksling, enklare tilgang til kulturtilbod og besøk til familie og vener, er mellom fordelar han trekk fram med fjordkryssing.
– Kollektivtrafikken i store delar av distriktet er slik at ungdom og unge vaksne er avhengige av bil. Om du bur i Ålesund kan du klare deg fint med buss, men til dømes her på ytre søre er det vanskeleg, seier han.
Arbeidsplassar avgjerande
Sævik har lita tru på å halde ungdom frå å reise vekk for å studere. Han meiner det er smartare å gi dei best mogleg opplevingar medan dei veks opp. Slik vil dei vere meir freista til å flytte tilbake når dei skal finne seg jobb og etablere seg.
– Arbeid til unge og ungdom er sjølvsagt avgjerande, og moglegheitene for ei god karriere er viktig for mange som har teke utdanning, legg han til.
Her vil ei fjordkryssing også bidra med å skape ein felles bu og arbeidsmarknad i regionen, i tillegg til at det blir meir effektiv for serviceverksemder og eksportvarer.
Skal kome med ti forslag
10 ungdomar i alderen 14–22 år blei fjor plukka ut blant over 100 ungdommar til å vera med i det regjeringsoppnemnde Ungdomens distriktspanel.
Til våren skal dei leggje fram 10 forslag til ny politikk som skal gjera det lettare for ungdom å busetja seg utanfor dei største byane.
I samband med arbeidet har Distriktssenteret arbeid mykje med å skaffa kunnskap og informasjon om ungdom i distriktet.
– Då vi starta fanst det svært lite informasjon om distriktsungdom, seier rådgjevar Anne Inre Myhr ved Distriktssenteret til Nynorsk Pressekontor.
Ho koordinerer arbeidet til senteret med Ungdommens distriktspanel, og meiner framleis det er ein stor jobb igjen å gjere.
– Det er behov for meir kunnskap om distriktsungdom, og det er eit stort behov for at kommunar og fylkeskommunane tek kunnskapen i bruk, slår ho fast.
Publisert: 20.02.2021 05:55
Sist oppdatert: 22.09.2021 09:13