Foreslår miljøfond for å hjelpe verfta
Rolf Fiskerstrand med nytt forslag for å skape ny aktivitet. – Verfta er grøne reiskap, seier han.
Konsernsjef og medeigar Rolf Fiskerstrand i Fiskerstrand Verft legg
nytt forslag på bordet for å auke tempoet i det grøne skiftet og få opp
aktiviteten i verftsbransjen.
Tilgang på kapital har vore ei utfordring for store delar av maritim næring dei siste åra. Samtidig er det lagt inn ambisiøse mål om utsleppskutt frå politisk hald.
Det har fått fleire til å ta til orde for ulike type fond for å sikre at det blir meir pengar tilgjengeleg for å investere i nye skip og båtar.
– Ta fem milliardar frå oljefondet og legg det inn i eit nytt «miljøfinans» som kan sørge for at det grøne skiftet kan realiseras, meiner Rolf Fiskerstrand og lanserte forslaget under Haramskonferansen tysdag.
– Det blir for dyrt
Tanken er at pengane i fondet kan søkast på, og
dermed gjere at fleire grøne maritime prosjekt blir realisert. Han påpeiker at summen ikkje er viktig, men det må vere ein viss storleik for å gjere ein skilnad.
– Vi opplever at designselskap utviklar ein rekke nye grøne konsept, men reiarlaga har problem med å «rekne dei heim». Det blir for dyrt, utdjupar Fiskerstrand til NETT NO.
Meiner handlingsrom å utnyttast
Han påpeikar at ei slik ordning må vere tilpassa EU-regelverket. Samtidig er EU meir fleksible til grøne prosjekt, og det same verkar vere tilfelle hos kontrollorganet ESA.
– Dette handlingsrommet må utnyttast, seier Fiskerstrand.
– All ære til Enova som er med å støtte utvikling av spissteknologi. Men etterpå er det opp til marknaden. Då manglar vi det som tek seg av volumet, legg han til.
Får mindre støtte enn i EU
Fiskerstrand delar bekymringa for verfta sin situasjon, og påpeika han
deira sentrale rolle som eit nav i den maritime industrien – ikkje minst
på Nordvestlandet. Han minna om at det må byggast om, og byggast nytt,
ei mengde fartøy for å få nå klimamåla.
– Verfta er grøne reiskap, seier han.
Samtidig er konkurransen frå tyrkiske og spanske verft skjerpa. Fiskerstrand meiner ei av utfordringane til verfta i Norge, er nivået på støtta frå styresmaktene til utvikling av nye maritim industri.
– Vi kan oppnå 50 prosents dekning av kostnadene, mens EU har 70 prosents dekning, og opptil 80 prosent om dei har med seg akademia, seier han.
Fryktar skvis mellom EU og USA
Maritim industri er mellom områda regjeringa har peika på i si ambisiøse satsing om å auke eksporten med 50 prosent innan 2030.
– Vi slit med fastlandseksporten vår, og det må vi gjere noko med. Vi er dårlegast i klassa i Norden, seier Fiskerstrand.
Når det no blir lansert store pakker for å motverke inflasjonen i EU og USA, fryktar Fiskerstrand at Norge kan hamne i «ein
skvis» mellom Brussel og Washington.
– Det gjer at det vil kome mykje investeringar inn i det «grøne systemet». Om vi blir hengane etter her, så har vi eit problem, seier han.
– Har stor tru på dette
Tilsvarande fondsordningar, som Rolf Fiskerstrand foreslår, har vore diskutert dei siste åra.
Norske Skipsverft har ønska seg ein form for Eksfin for verfta, og bransjen har vore i ei rekke møter med næringsdepartementet om saka.
Utfordringa er å finne ei løysing som er god nok for bransjen – men ikkje kjem i konflikt med EØS-reglane mot statsstøtte.
Fiskerstrand har allereie testa ideen om eit «miljøfinans» med ulike aktørar - og er optimistisk.
– Eg har stor tru på dette, og har sjekka med dei som forstår seg på slik. Dei seier at det kan vere mogleg å gjennomføre, seier Fiskerstrand.
Publisert: 15.02.2023 09:29
Sist oppdatert: 15.02.2023 10:52