5. juli i år offentleggjorde Olympic Ship ein avtale om å fryse avdragsbetaling til bankane fram til og med 16. september. Poenget var å få pusterom til å forhandle fram ein langsiktig avtale om refinansiering av gjelda i selskapet.
No er avtalen om å fryse avdragsbetaling forlenga, til og med 30. september, som er på ein fredag. Det betyr ytterlegare to vekers frist på å kome fram til ei løysing.
Olympic Ship brukar Fearnley Securities og EY som finansielle rådgivarar og advokatselskaet Wiersholm som juridisk rådgivar.
Begge selskapa er i forhandlingar med kreditorane.
Emerald Fisheries har eit momskrav frå Skatt Midt-Noreg på 13,3 millionar kroner hengande over seg. Momskravet gjorde at Skatt Midt-Noreg begjærte Emerald Fisheries konkurs, men retten gjekk med på forlenge fristen medan selskapet forhandla med kreditorane.
Partane skulle opphavleg møtast i retten i dag, men fredag blei saka utsett i 24 timar, til i morgon, tysdag 20. september.
Stor uvisse om utviklinga i marknaden er bakgrunnen for nedskrivinga, som gjer at selskapet gjekk med underskot i andre kvartal, i følgje reknskapsrapporten.
Olympic Ship har ein flåte på 23 skip, der fem ligg i opplag.
No er avtalen om å fryse avdragsbetaling forlenga, til og med 30. september, som er på ein fredag. Det betyr ytterlegare to vekers frist på å kome fram til ei løysing.
Forhandlar vidare
Forhandlingane pågår og blir vidareført, og drifta av reiarlaget vil gå som normalt, i følgje børsmeldinga.Olympic Ship brukar Fearnley Securities og EY som finansielle rådgivarar og advokatselskaet Wiersholm som juridisk rådgivar.
To problem
Stig Remøy er største aksjonær i Olympic Holding, som eig både Olympic Ship og krillfiskeselskapet Emerald Fisheries.Begge selskapa er i forhandlingar med kreditorane.
Emerald Fisheries har eit momskrav frå Skatt Midt-Noreg på 13,3 millionar kroner hengande over seg. Momskravet gjorde at Skatt Midt-Noreg begjærte Emerald Fisheries konkurs, men retten gjekk med på forlenge fristen medan selskapet forhandla med kreditorane.
Partane skulle opphavleg møtast i retten i dag, men fredag blei saka utsett i 24 timar, til i morgon, tysdag 20. september.
Store nedskrivingar
Olympic Ship skreiv ned verdien av offshorfarty og finansinvesteringa med 600 millionar kroner i reknskapen for første halvår.Stor uvisse om utviklinga i marknaden er bakgrunnen for nedskrivinga, som gjer at selskapet gjekk med underskot i andre kvartal, i følgje reknskapsrapporten.
Olympic Ship har ein flåte på 23 skip, der fem ligg i opplag.
Publisert: 17.10.2016 13:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00