Havila subsea foto kjetil
TI ÅR GAMALT: Det 98 meter lange Havila Subsea-skipet blei levert frå Havyard sitt verft i Leirvik i 2011. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Havila sikra langtidskontrakt

Kan ha arbeid heilt til slutten 2024.

Marius Rosbach
27.10.2021

Havila Shipping i Herøy har forlenga kontrakten med Reach Subsea for skipet Havila Subsea.

Oppdraget for det Haugesund-baserte selskapet starta 1. oktober og varar i minst to år og tre månader, til slutten av 2023. Reach Subsea har også opsjon på eitt år, ifølgje børsmeldinga.

Eigarane av Havi07-obligasjonen har gitt si tilslutning til avtalen.

Publisert: 27.10.2021 17:37

Sist oppdatert: 01.09.2023 10:08

Mer om