Forliset
Det hadde vore ein strålande dag på sjøen. Så small det.
KOMMENTAR: Mayday, mayday, mayday. Det er Kjetil Haanes. Eg går ned, eg går ned. Hjelp!
Det starta så fint denne tysdagen i desember. Eg hadde jobba masse siste vekene, men i dag hadde eg endeleg ein fridag, slik at eg kunne prøve å ta litt meir av fritidsfiskekvoten for året. Med min kjære Arvor 215 gjekk eg frå hamna i Gjerdsvika i åttetida om morgonen. Det var eit par minusgrader og litt vind, men vinden kom frå aust, og eg rekna med at det var betre forhold lenger ute.
Eg såg etter fisk på sandbøtene syd for Skorpa, men der var lite å sjå. Eg snakka i mobil med ein kamerat som var ute med ein større sjark, og han også såg lite. Difor gjekk eg ut på Flønesgrynnene vest for Skorpa og Nerlandsøya, ein normalt god fiskeplass på denne tida av året, men ein plass eg ikkje hadde vore på to år.
Og her var det fisk, mest mellomstor sei, men innimellom også fin torsk og lange som jakta etter seien.
Det friskna til med vinden, men eg heldt det gåande med pilking her til klokka nærma seg 15. Då melde eg inn fangsten til Surofi. 100 kilo sei og 40 kilo lange.
Fangsten skulle leverast på Sandefisk på Sandsøya. Eg hadde lova å vere der klokka 16. På veg dit stoppa eg i Bræken. Her hadde det samla seg ein del torsk i skumringa, og eg fekk to fine før eg drog vidare.
Eg var i godt lune, det mørkna fort, men då eg passerte Hidsboden såg eg at ein snurrevadkar frå Herøy låg der.
Eg la meg til utanfor moloen på Sandsøya, spretta resten av fisken, og såg med glede at ein av torskane og ei av langene hadde fin rogn. Desse skulle eg ta med heim, og gledde meg til sesongens første brødskiver med rogn på. I tillegg tok eg til sides ei fin hyse, som eg skulle bruke til prinsefisk, min absolutte favorittrett.
Fangsten vart levert, og som vanleg hadde eg ein god prat med ein av dei tilsette på Sandefisk, før den siste og den enklaste etappa stod for tur, strekninga frå Sandsøya til Gjerdsvika.
Klokka viste 16.30, og det hadde vorte heilt mørkt då eg gjekk ut frå Sandsøya. Ein kjenning frå Herøy ringde og ville ha råd rundt ein afghansk flyktning han og familien prøvde å hjelpe. Normalt er eg våt på fingrane og det er vanskeleg å manøvrere på skjermen på mobilen etter å ha levert fisk, men eg fekk tørke både fingrane og mobilen, og eg fekk etter litt svara på oppringinga. Det var bra, for då kunne eg raskt også bruke mobilen seinare. Vi prata nok i rundt tre minutt.
Normalt brukar eg å gå med båten på innsida av Gjøskjera og nær Gjøneset på Gurskøya når det er lyst, sidan det er kortaste vegen frå Sandsøya. Men ettersom det no var mørkt gjekk eg mellom dei to Gjøskjera. Det var så mørkt at ei ikkje såg skjera eg passerte, men eg har ein god Lowrance kartplottar, med ekkolodd, så eg visste godt kvar eg var.
Eg såg eit kvitt lys på babord side i retning mot Hidsboden. Eg rekna med at lyset kom frå snurrevadfiskaren frå Herøy, som eg passerte før eg leverte fisken på Sandsøya, og tenkte at han no heldt på å ta inn reiskapen.
Eg såg etter den grøne og raude lanterna ved innseglinga før moloane i Gjerdsvika, og var i ferd med å svinge til styrbord slik at eg hadde kurs midt mellom lanternene. Farta var sikkert rundt 15 knop, i alle fall ikkje meir. Då såg eg også lysa frå eit anna fartøy rett utanfor moloane. Eg syntest det var litt merkeleg med eit fartøy akkurat der. Kanskje var det Kystverket som hadde kome tilbake med ein båt for å gjere meir mudringsarbeid? tenkte eg.
Så small det.
Det neste minuttet var fullstendig kaos. Best huskar eg lyden. Lyden av kollisjonen, lyden av motoren som rusa, lyden av noko skarpt som skar seg inn i skutesida, lyden frå då eg krasja nyebilen til far min i ungdomen og vart kasta rundt og rundt. Då gjekk det utruleg nok bra med meg. Men kva no?
Eg trur det var slik at båten først løfta seg, la seg kraftig over på eine sida, og så snurra nesten heilt rundt. Det eg heilt sikkert veit at eg sat på setet og heldt i rattet då eg kolliderte, men eg veit at eg stod på dørken etter kollisjonen. Eg veit ikkje om eg vart slengt mot noko, men seinare hadde eg vondt i høgre skuldra og litt vondt i nakken.
Og eg veit at eg ikkje forstod noko som helst. Hadde eg gått på ein båt utan lys, hadde ein annan båt gått på meg, var det andre folk som var skada, hadde kanskje allereie nokon hamna i sjøen? Nei, eg høyrde ingen rop om hjelp.
På dørken var det også kaos, med masse lause gjenstandar. Det var mørkt, så eg såg ikkje kva det var. Men eg høyrde det skvalpa. Eg stod i sjø.
Kva gjer eg no? Er det snakk om sekund eller minutt? Skal eg ta mobilen og skrive «Hjelp, eg forliser» på Facebook-sida mi? Eg hadde tidlegare lagt ut video frå fisketuren, men forstod at det ville ta for lang tid å skrive noko. Skulle eg prøve å ringe nokon? Eg har lagt inn nummeret på redningsskøyta Idar Ulstein på mobilen, og eg veit at noko av det første eg gjorde var å ta mobilen og starta med å famle meg fram etter nummeret til redningsskøyta, som truleg låg i Fosnavåg. Men eg gav straks opp, for eg skalv slik på handa og i heile kroppen at det var fånyttes.
Eg prøvde å tenke klart og visste at det var viktig å halde roa samstundes som ein handla raskt. Eg forstod at livet mitt hang i ei tynn livsline og mine val no var avgjerande for korleis dette ville ende. Eg har vore i kritiske situasjonar før, men då på landjorda. Då har eg klart meg godt og gjort rette val. No var eg i villreie og hjerna jobba på spreng for å finne dei rette løysingane. Men eg sleit, mest fordi eg ikkje visste om eg hadde eitt minutt eller fem minutt på meg før eg måtte i sjøen.
Eg trur det var då at eg skimta ei tjukk rørleidning, med spisse søkkesteinar på. Då forstod eg kva eg hadde kollidert med.
Det var sikkert ikkje meir enn rundt eitt minutt etter kollisjonen, kanskje også mindre, og eg gjorde det einaste rette. Året før hadde eg fått montert inn ein kraftig VHF-radio med antenne på taket. Dette var ei julegåve frå mine næraste, som ikkje ville at eg skulle vere åleine på sjøen utan VHF. Eg går ofte ut åleine, gjerne nokså langt ut. Til slutt hadde eg høyrt på råda, og fått VHF-en på plass, men han var ikkje kopla til kartplottaren slik at Kystradioen automatisk fekk opp posisjonen. Eg hadde tatt kurs, men aldri brukt VHF-en før. Dette angra eg på no.
Men eg trykte på den raude distress-knappen, greip mikrofonen og ropte mayday, mayday, mayday. Dette er Kjetil Haanes, eg går ned, eg går ned ute på Gjerdsvika. Hjelp, hjelp, hjelp!
Og det svara i andre enden, med ein gong. For ei lette! Eg veit at fekk spørsmål om nøyaktig kvar eg var, og eg var sikkert også eit sekund litt irritert over at ho som svara ikkje visste med ein gong kvar Gjerdsvika var. Eg veit at eg sa Gjerdsvika i Sande kommune, nord for Stad.
Dei som sit på Kystradio-stasjonen har garantert fått inn mange rare meldingar, men eg har også høyrt opptak frå andre forlis, og vorte så imponert over kor rolege mange er i slike situasjonar, også i langt meir dramatiske situasjonar enn det eg opplevde. Eg hadde trass alt berre meg sjølv å ta vare på.
Men eg var slett ikkje roleg. Eg var livredd, prata fort og sikkert usamanhengande. Eg forstod at her fossa sjøen raskt inn, og at båten snart ville søkke.
Eg trur eg fekk spørsmål om eg hadde redningsvest på meg, og eg svara ja.
Men det var trass alt berre nokre få grader i sjøen, og altfor langt for meg å symje til lands. Eg har fjerna tre musklar i venstre lår etter ein kreftoperasjon, og eg veit at eg ikkje kan symje slik som før. Kreftbehandlinga hadde eg kome meg fint igjennom, sjølv om det også då såg mørkt ut i starten. Men då hadde eg ei stor indre ro. No var eg livredd. Det var ikkje slik det skulle ende, midt ute på Gjerdsvika!
Og kor lenge kan ein uansett overleve i så lav sjøtempetur? Det var masse tankar som fòr gjennom hovudet på kort tid.
Og eg tenkte på gutane mine, og Margrete. Kva med dei no?
Båten forstod eg var tapt. No vart alt fokus på å overleve sjølv. Eg gjekk ut på dekk, og såg at eg låg berre to-tre meter frå rørleidninga. Eg veit at eg tenkte at eg kunne prøve å kome meg opp på leidninga, for så å klamre meg fast der til hjelpa kom. Eg trur motoren gjekk enno. Eg drog i alle fall i spaken ute på dekk, men då vart det stopp. Det vart i alle fall heilt stilt, underleg stilt, berre lyden av sjøen som pressa seg inn i båten.
Eg dreiv vekk frå rørleidninga, og greip i staden pilkesnøret og tenkte at eg kunne kaste pilken over leidninga og på den måten prøve å halde båten fast, men gav opp ettersom avstanden vart for stor og det tok for lang tid.
Skulle eg hoppe med ein gong før eg kom for langt frå leidninga, eller skulle eg vente litt til? Eg såg at båten sakk djupare sekund for sekund. Kva var rett å gjere?
Eg hadde mobilen i handa. Fingrane skalv ikkje så mykje no etter at eg visste at det var folk som var i arbeid for å berge meg. Eg klarde finne fram og slå nummer.
Eg veit at eg tenkte først at eg skulle ringe dei som eig rørleidninga. Dei var sikkert ute, og hadde kanskje allereie forstått kva som skjedde. Kanskje var dei alt i sving med å plukke meg opp? Men eg hadde ikkje lagra nummera deira. Skulle eg ringe opplysninga? Nei, det tar for lang tid, så eg ringde først til sjarkfiskaren eg hadde hatt kontakt med på sjøen same dagen. Han hadde gått heim nokre timar tidlegare. Men der var det ikkje svar å få. Eg ringde ein annan kompis, som til all lukke svara med ein gong. Eg går ned, rett utpå Gjerdsvika. Du må kome fort og plukke meg opp, eller noko slikt, var den korte beskjeden. Eg visste at då var i alle fall han snart på veg.
Eg ringde ein slektning i Ålesund som har jobba i Redningsselskapet. Han også svara med ein gong. Takk og lov! Samtalen varde nok berre 10-15 sekund, men eg visste at han kunne varsle redningsskøyte og andre som kunne hjelpe.
Kanskje vart eg redda likevel? Håpet steig litt. No var førarkabinen så full av sjø at eg ikkje tok sjansen på å gå inn der, men eg hadde tatt med meg ein ekstra redningsvest som eg heldt i eine handa. I tillegg hadde eg ein redningsvest med patroner som blæs seg opp når nokon hamnar i sjøen, men den hadde eg innanfor ein tjukk kjeledress. Ytterst hadde eg på meg oransje oljehyre, og tenkte det var bra sidan det var lett å sjå i mørket.
Eg rakk også å ringe Margrete og sa at eg gjekk ned og at eg straks går i sjøen. Eg trur eg også la til nokre fine ord. Ho var på kafé i Ulsteinvik saman med søstra mi. Dei fekk garantert sjokk.
Nokon ringde meg, eg trur det var Kystradioen som ringde tilbake på mobil. Dei ville nok vite status, men eg hugsar ikkje meir av det som vart sagt. I tankane var eg alt i sjøen. Eg veit at eg lurte på kva veg eg skulle prøve å symje, mot land på sydsida, tilbake mot Gjøskjera, motstraums mot rørleidninga?
Eg gjorde meg klar til å sparke av meg støvlane. Eg burde også hatt av meg den tunge kjeledressen, for med den på ville det vore svært vanskeleg å symje. Men eg tenkte ikkje så klart. Eg grua meg til å møte det kalde vatnet.
Men var det ikkje eit lys der ute, eit som kom nærmare? Jau, det var det. Nokon leitte etter meg. Eg ville verte berga. Takk og lov!
Det heile var over på under ti minutt, truleg berre åtte. Redninga var ein open arbeidsbåt som tilhøyrde selskapet som arbeidde med det som skulle vise seg å vere ei vel 800 meter lang leidning til oppdrettselskapet i bygda. Denne leidninga skal liggje på botnen. No flaut ho, med tett med spisse søkkesteinar rundt. Leidninga hadde ikkje lys på, så eg såg ho ikkje i mørket.
Eg kunne gå rett opp i arbeidsbåten. Kanskje mitt lettaste steg nokon gong. Eg hadde hatt sjø til opp til knea, men elles var eg tørr. Eg hadde berre med meg mobilen då eg gjekk om bord, i tillegg til nøklane til båten og naustet. Resten vart igjen, også lommeboka med alle visakort, førarkort og kodebrikke. Det skulle eg angre på seinare. Eg tenkte også seinare at eg burde tatt med meg torskerogna og den fine hysa.
Redningsmannen knytte eit tau i min båt og prøvde å slepe han inn på grynnare vatn før båten gjekk heilt under. Eg var ikkje til noko hjelp, og la meg berre ned i skoten på arbeidsbåten. Eg veit at det kjendest trygt. Eg ringde til alle eg hadde hatt kontakt med og sa at eg var berga og at dei kunne avblåse redningsarbeidet. Det var berre heilt korte beskjedar.
Slepet måtte avsluttast og eg såg havet ta siste rest av min kjære Arvor, båten eg hadde kjøpt i Göteborg då eg bestemde meg for å flytte heim etter å ha jobba og delvis budd mange år i Oslo. Eg hadde gått heile vegen frå Göteborg til Gjerdsvika med båten i 2009, den første turen med ein kartplottar som ikkje fungerte. Men vi hadde klart oss fint, begge to, og hatt masse gode år saman. Det hadde vore ein god båt, og ein ideell båt for ein fritidsfiskar som meg. Det var vemodig å sjå topplanterna verte slukt av havet. Eg tok opp mobilen og tok eit siste bilde.
Eg vart plassert om bord i ein større båt, som låg utanfor moloane i Gjerdsvika, den same båten som eg hadde sett lanternene til rett før det small. Her fekk eg setje meg ned i ein god stol. Eg trur eg fekk spørsmål om eg ville ha kaffi, men eg sa nei takk. Då kom reaksjonen, og eg trengde nokre minutt for å ta meg inn att.
Gutane mine ringde. Eg sa at alt gjekk fint med meg, men båten var tapt. Broren min ringde. Eg sa at eg hadde vore heldig, trass alt.
Ein tredje båt kom og tok meg inn til småbåthamna i Gjerdsvika. Der var det folk som venta på meg. Det var nok eit litt rart syn, for det einaste eg hadde med meg i land etter denne fisketuren var ein tom fiskestamp som vart plukka opp etter at båten min sakk.
Eg køyrde rett heim, tok meg ein varm dusj, og allereie før eg var ferdig i dusjen ringde det på døra. Det var fire politifolk. Eg skulle avhøyrast.
Etterpå har det vore mykje å ordne opp i, men det er berre arbeid, og ikkje noko som dreier seg om liv eller død.
Men litt har eg uansett lært. Det eine er at på sjøen kan ei ulukke skje når som helst, og gjerne når ein minst ventar det. Her skjedde det på ein plass eg var lommekjend, har gått tusenvis av gongar, og vêret var heller ikkje så dårleg. Men det var bekmørkt.
Difor må ein alltid ha redningsutstyret klart og redningsvest på seg. Ved ein kollisjon som dette, kan ein også fort verte slått i svime, og då har ein ingen sjans om ein ikkje har på seg redningsvest som held deg flytande rett veg når du hamnar i sjøen.
Og så må ein ha VHF, og ein bør absolutt ha VHF-en tilkopla kartplottaren slik at posisjonen kjem nøyaktig opp når ein trykker på naudknappen.
Og ein bør ha testa VHF-en og snakka med Kystradioen, slik at ein veit korleis utstyret skal brukast.
I tillegg bør ein ha mobilen ein stad som gjer at han ikkje vert skada eller vanskeleg å finne att ved ei ulukke. Eg hadde heldigvis mobilen på ein fast plass i ei lomme i styrhuset, slik at eg raskt fann mobilen etter kollisjonen. Og han var i tillegg tørr og godt opplada.
Akkurat no er ikkje lysta til nye fisketurar så stor, og om natta er det av og til tilbake til desse dramatiske minutta, ikkje minst lyden. Men dette går nok over etter kvart. Planen er å sjå seg om etter ny båt, for eg kan vanskeleg tenke meg eit liv her ute i havgapet utan å ha ein båt eg kan fiske med. Men før den båten skal takast i bruk, skal VHF monterast og redningsutstyret om bord. Det har eg lært.
Publisert: 23.12.2021 06:00
Sist oppdatert: 22.12.2021 22:48