Håpar staten skal berge pilotprosjekt
Hurtigbåt-satsing lagt i opplag.
I 2021 gjekk fylkeskommunane Vestland, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark saman for å få utvikla framtidas hurtigbåt.
Seks konsoritium fekk vere med i todelte konkurransen, der det eine målet var å utvikle den mest energieffektive skrogløysinga og den andre å utvikle ein hurtigbåt med hydrogen som energiberar.
Planen var å lyse ut konkurransen om å bygge ein båt for kvar del av prosjektet i slutten av 2023.
Status i dag er at satsinga er lagt i opplag på grunn av pengemangel. Troms er ikkje lenger med i samarbeidet, og dei fire andre fylkeskommunane som er med i samarbeidet har ikkje pengar til å betale for neste steg, som er å få bygd prototypar.
Håpet er at staten skal kome med pengar. Det første svaret på om det framleis berre blir med håpet kjem allereie tirsdag, når revidert nasjonalbudsjett blir lagt fram av regjeringa.
420 millionar kroner i meirkostnadar
Transport- og infrastruktdirektør Odd Inge Bardal i Nordland fylkeskommune er leiar for styringsgruppa i hurtigbåtprosjektet.
I eit notat til stortingsrepresentantar anslår han kor mykje meir det vil koste å bygge pilotbåtane samanlikna med å bygge tilsvarande store tradisjonelle hurtigbåtar:
"Merkostnadene med å bygge og teste pilotbåtene er beregnet til om lag 250 millioner kroner for energieffektivt fartøy og 420 millioner kroner for hydrogenfartøy. Fylkeskommunene har ikke økonomisk handlingsrom til å gjennomføre dette uten statlig kompensasjon for merkostnader.", skriv Bardal i notatet.
Fylkeskommunane er klare til å bygge og testresultata er gode, ifølgje notatet:
"Utviklingsløpet med energieffektive skrog kan vise til energibesparelser på opptil 50 %. Dette gir mer miljøvennlige fartøy og lengre seilingsdistanse mellom ladingene. Designene i utviklingsløpet med hydrogen har fått foreløpig sikkerhetsgodkjenning av Sjøfartsdirektoratet. Hydrogendrift i kombinasjon med energieffektive skrog gir enda lengre seilingsdistanse og er løsningen for de lengste rutene.", skriv Bardal.
Kan ikkje betale
"Bygging av nye fullskala båter er imidlertid beheftet med risiko og er kapitalkrevende sammenlignet med tradisjonelle hurtigbåter med kjent design.", heiter det i notatet.
Fylkeskommunane har ikkje pengane, og det vil vere avgjerande for private verft og reiarlag med offentlege midlar for å kompensere for risiko og meirkostnadar, argumenter Bardal i notatet.
Hurtigbåtverfta ikkje med
Ingen av dei tre verfta som har spesialisert seg på designe og byggje hurtigbåtar - Oma Båtbyggeri, Fjellstrand eller Brødrene Aa - var med i konkurransen.
Det reagerte bransjeorganisasjonen Norske Skipsverft på.
Konkurranseforma fylkeskommunen valde gjorde at verfta risikerte å måtte konkurrere med utanlandske verft om å få byggje hurtigbåtar dei sjølve har brukt tid og pengar på å utvikle, sa administrerande direktør Asle Strønen til Nett No i 2022.
Verefta var redde fylkeskommunane la ut på ein veg som ville ende med at bygging av hurtigbåtar blei gjort hos utanlandske verft, slik storparten av ferjene blir bygd i utlandet.
- Det vi fryktar er ein repetisjon og eskalering av det som skjedde med elektriske ferjer, sa Strønen.
Han rekna med at dei etablerte hurtigbåtverfta vil vere svært atterhaldne med å bygge hurtigbåtar dei ikkje sjølve har vore med og utvikla, utan at fylkeskommunane tek all risiko for at hurtigbåtane ikkje oppfyller krav til mellom anna vekt, fart og energiøkonomi.
Publisert: 14.05.2024 08:11
Sist oppdatert: 14.05.2024 09:21