Forventar Russland-stopp
Skipsteknisk reknar med at Russland-oppdraga stoppar opp.
Dagleg leiar Hans Ove Holmøy i designselskapet Skipsteknisk reknar med at sanksjonar etter den russiske invasjonen av Ukraina vil føre til tap for Ålesund-selskapet.
Han reknar med at selskapet sine russiske aktivitetar stoppar opp.
– Situasjonen er veldig kjedeleg, men vi må berre forhalde oss til den. Vi vil gå på tap, det er ikkje noko å legge skjul på, seier Holmøy til Teknisk Ukeblad.
Stopp framover
Etter det NETT NO kjenner til har selskapet levert, eller har design på, totalt 29 russiske fiskefartøy. Dei fleste av båtane er enno ikkje leverte.
No trur Holmøy at det meste vil stoppe opp, også framtidige prosjekt.
Mykje norsk utstyr
Holmøy seier til TU at han trur at dei russiske reiarlaga også vil få problem med å ferdigsstille dei båtane som er under bygging.
– Mykje av utstyret på disse fartøya er frå Norge og andre europeiske land. Det blir eit problem, seier han.
Stort oppdrag
Blant dei russiske oppdraga NETT NO har omtala er designet på 11 trålarar på 108 meter, som skal fiske for Russia Fishery Group i russisk sone i det nordlege Stillehavet.
Dette er båtar til omlag ein milliard kroner kvar, det største byggeprogrammet eitt einskild fiskebåtreiarlag nokon gang har sett i gang etter årtusenskiftet
Også skipsdesignselskapa Skipskompetanse i Måløy og Marin Teknikk i Herøy har teikna fartøy for russiske reiarlag.
- Som normalt på Fiskerstrand
Arbeidet på tre russiske trålarar som ligg ved Fiskerstrand Verft til reparasjon går som normalt trass i krigføringa i Ukraina. Det opplyser administrerande direktør Magne Standal til NRK Møre og Romsdal.
Standal viser til at det er snakk om gode kundar gjennom fleire år, men Standal er budd på at det som no skjer også kan få konsekvensar for verksemder i Noreg.
Publisert: 25.02.2022 12:47
Sist oppdatert: 25.02.2022 13:33