Merete Flusund foto Ogne
100 DELTAKARAR Merethe Hjertø Flusund, næringslivssjef i Herøy og dagleg leiar i Havlandet AS har plass til 100 deltakarar på årets Fosnvågkonferansen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fosnavågkonferansen blir fysisk

Er det plass nok på havet til alle? Det er tema under årets Fosnvågkonferanse.

10.06.2021

Kampen om plassen på sjøen blir belyst gjennom ein debatt mellom Paul Harald Leinebø frå bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt og Trond Skodjevåg Bø frå Island Offshore under Fosnavågkonferansen torsdag 17. juni.

Utgangspunktet er mellom anna at vindkraftindustrien og selskap som vil drive gruvedrift på havbotnen også vil ha plass på havet, i tillegg til fiskeri, oppdrett og oljebransjen.

Koronatilpassa konferanse
Fosnavågkonferansen markerer tradisjonelt slutten på vårsesongen for konferansar og møter i næringslivet på Nordvestlandet.

I fjor blei den avlyst, men i år prøver arrangøren seg med ein koronatilpassa konferanse, med eit tak på 100 deltaktarar, to timars samling etter kontortid og tilviste plassar for deltakarane.

Mangfold og gruvedrift
Merethe Hjertø Flusund, næringslivssjef i Herøy og dagleg leiar i Havlandet AS seier målet er på tilby ein komprinert konferanse i år, og peikar mellom innlegget til Siv Remøy-Vangen frå Maritime Bergen, som skal snakke om mangfald i martim næring.

Blant foredragshaldarane er også Magnus Kjemphol Lohne frå Rystad Energy som skal snakke om gruvedrift og utvinning av mineral på havbotnen.

Publisert: 10.06.2021 16:12

Sist oppdatert: 10.06.2021 15:48

Mer om