Bru fryktar opprør mot havvind
Meiner MDG-forslag om utbygging av 30 gigawatt er fullstendig urealistisk.
(NPK-NTB-Johan Falnes): Olje- og energiminister Tina Bru (H) åtvarar mot å undervurdere kor sterk motstanden kan bli mot ei storstilt utbygging av vindkraft til havs i Noreg.
– Det er nesten å spele hasard med kva kysten vår kan tole, seier Bru til NTB.
Det er MDGs nye havvindvedtak ho reagerer på. MDGs landsmøte gjekk førre veke inn for utbygging av 30 gigawatt vindkraft til havs på norsk sokkel innan 2030.
– Det føyer seg inn i ei rekkje døme på at MDG har sete på landsmøtet med leikepengar og gløymt at politikken faktisk har konsekvensar for vanlege folk, for naturen og for statskassa, seier Bru.
Ho meiner 30 gigawatt havvind innan 2030 er fullstendig urealistisk.
Stortingsmelding i vente
Seinare i vår legg Bru fram ei stortingsmelding om langsiktig verdiskaping frå norske energiressursar. Der blir nettopp havvind – både flytande og botnfast – eit av dei store temaa.
Olje- og energiministeren vil ikkje gå ut med detaljar no. Men ho er tydeleg på at ei utbygging i den storleiksordenen som MDG ser for seg, ikkje er på trappene.
Bru peikar på at 30 gigawatt vil svare til 60 havvindparkar på 500 megawatt kvar. Medan MDG ser for seg at dette vil krevje 2.000 vindturbinar, anslår olje- og energiministeren at talet må bli 2.500–3.000.
– Det er meir enn dobbelt så mykje som det vi har på land i dag, seier Bru.
Ho spår at opprøret mot vindkraft på land vil fortone seg som ein «mild bris» samanlikna med den motstanden ei slik utbygging til havs vil generere.
Kostnad
Eit anna spørsmål er kva ei slik havvindsatsing vil koste.
Kostnaden for å byggje ut ein flytande havvindpark på 500 megawatt blir i dag estimert til 5–7 milliardar kroner, ifølgje Bru. Ho anslår kostnaden for 30 gigawatt havvind til meir enn 100 milliardar kroner – og potensielt over 300 milliardar kroner viss det er snakk om flytande havvind i staden for bunnfast.
Bru legg til at det er avgrensa potensial for botnfast havvind langs norskekysten.
– Og det er ofte meir konfliktfylt fordi det ligg nærare land.
I tillegg må nye område for havvind konsekvensutgreiast. Det blir vanskeleg å få til på ein forsvarleg måte viss utbygginga skal skje så raskt som MDG ser for seg, åtvarar olje- og energiministeren.
Forsvarer storsatsing
MDGs landsmøtevedtak er eit mål om å «satse stort på vindkraft til havs på norsk sokkel, med mål om minst 30 GW samlet effekt innen 2030, under forutsetning av at naturkonsekvensene er forsvarlige, og at hensynet til marine økosystemer og næringer, sjøfugl og trekkveier alltid ivaretas».
MDG går òg inn for å etablere ei eiga støtteordning for havvind.
MDGs nestleiar Arild Hermstad meiner målet er ambisiøst, men realistisk. Han viser til at Storbritannia allereie har sett seg eit mål om 40 gigawatt havvind innan 2030.
– Det som manglar her i Noreg, er ei regjering med vilje til å satse. Viss regjeringa hadde investert i grøne løysingar heller enn å pøse pengar inn i oljeindustrien, hadde vi allereie vore godt i gang, seier Hermstad.
Han legg til at MDGs plan er å gjere store delar av utbygginga sør i Nordsjøen, med kablar direkte til Europa og Storbritannia.
– Dette vil erstatte fossile utslepp og vere ein eksportindustri for framtida.
To område
I fjor vart to område opna for utbygging av havvind i Noreg: Utsira Nord og Sørlege Nordsjø II.
På Utsira Nord blir det opna for utbygging av opptil 1,5 gigawatt havvind. Dette området ligg 22 kilometer frå kysten av øya Utsira i Nord-Rogaland, og ei utbygging her vil vere synleg frå land.
Sørlege Nordsjø II er eit større område som ligg lenger ut til havs. Her har regjeringa opna for utbygging av 3,0 gigawatt havvind.
(©NPK)
Publisert: 30.03.2021 14:51
Sist oppdatert: 30.03.2021 14:57