Hans Olav Myklebust leia generalforsamlinga i Sparebank1 Søre Sunnmøre som i november 2022 vedtok samanslåing med Sparebank1 SMN i Trondheim som overtakande bank.
Generalforsamlinga sa i november 2022 ja til samanslåing, med 15 mot fem stemmer. Minst 14 måtte stemme ja for å for at samanslåinga kunne bli noko av.
Etter at Sparebank1 SMN denne veka varsla ei større omorganisering, er Myklebust si vurdering at viktige vilkår for at generalforsamlinga sa ja, ikkje er innfridd.
– Slik eg høyrer no, i forhold til det som har vore lovt, så har dei ikkje halde ord, seier han.
Divisjon styrt frå Vold
- Divisjon Sunnmøre og Fjordane skulle styrast frå Volda, med store lokale fullmakter.
- Banken skulle få 30 prosent fleire tilsette og 10-15 nye arbeidsplassar det først året.
- Kapital/formuesforvaltning og rådgiving skulle styrast frå Volda.
Dette var mellom det generalforsamlinga i Sparebank1 Søre Sunnmøre fekk vite før den skulle ta stilling til planen om å slå banken saman med Sparebank1 SMN, med hovudkontor i Trondheim, ifølgje Myklebust.
– Dette var opplysningar generalforsamlinga la vekt på då ei skulle fatte beslutninga, seier han.
Før generalforsamlinga var det stor uvisse om samanslåingsplanane ville få det naudsynte fleirtalet. Tidlegare sjef og styreleier Harald Indresøvde oppmoda i eit innlegg om at samanslåinga ikkje skulle bli noko av.
Avviklar divisjon
No omorgansiererer Sparebank1 SMN seg og avviklar mellom anna Divisjon Sunnmøre og Fjordane. Tidlegare administrerande direktør i Sparebank1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset, skal ikkje lenger vere konsendirektør og ein del av leiargruppa i Sparebank1 SMN. Brautaset blir rådgivar for konsernleiinga.
Ole-Magnus Orlien som har leia Sparebank 1 SMN si satsing på kapitalrådgiving frå banken sitt kontor i Volda, gjekk i haust til konkurrenten i Sparebanken Møre. Han blir ikkje erstatta.
Dette svarar banken
Nett No har bedt konserndirektør Rolf Jarle Brøske i Sparebank1 SMN om ein kommentar til Myklebust sine vurderingar. Dette er svaret:
"Vi har siden fusjonen ansatt flere i forretningen, blant annet gjennom nyetableringer, samt i konsernfunksjoner. Og vi har tilført betydelige midler til regionen, gjennom Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre.
I den nye organisasjonen styrkes den lokale tilstedeværelsen gjennom økt utbredelse av finanshusmodellen i regionen. Så langt har Volda, Ålesund og Sykkylven vært definert som finanshus. Vi ser nå på å bygge enda flere finanshus i regionen. Finanshusene har sterk lokal forankring og vil få store fullmakter. Lederne for finanshusene vil i den nye modellen rapportere direkte til konsernsjef. Stig Brautaset vil fortsatt være på nivå 2 og rapportere direkte til konsernsjef Jan-Frode Janson."
Justerer kartet etter terrenget
Orlien leia ei avdeling på kring 30 personar der berre seks-sju hadde kontorstad på Sunnmøre. Resten jobbar i Trondheim.
– Det blei ein naturleg konsekvens av at det kom inn eit team frå Danske Bank som vi ikkje visste om på tidspunktet for fusjonen. Då fekk vi eit heilt anna anna tyngdepunkt, sa Brautaset til Nett No tidlegare denne veka.
I eit intervjuet med Nett No sa Brautaset at omorganiseringa dreiar seg om å justere kartet etter terrenget.
– Volda får framleis ein sterk posisjon ved at vi har alle funksjonane på plass på same stad, sa han.
Han sa og at bemanninga har auka etter samanslåinga.
– Sidan fusjonen er det tilsett ein god del fleire årsverk i Volda og på søre Sunnmøre elles, sa han.
Banken søkjer også etter fleire folk, og skal mellom anna erstatte Sigrun Heltne Vartdal. Ho var leiar for næringslivsmarknaden på søre Sunnmøre inntil ho byrja som næringssjef i Ørsta i haust.
Han viste til at det som var Sparebank1 Søre Sunnmøre etter samannslåinga har alt frå bedriftsrådgiving, personmarknad, eigedomsmeklar og rekneskap. I tillegg har dei personar som mellom anna jobbar med HR, kommunikasjon, forretningsutvikling og anti-kvitvasking.
– Det blir satsa tungt på Volda og vi brukar samtidig titals millionar på å ruste opp bygget, seier Brautaset.
Kan handtere større bedriftskundar enn før
Til dei som gjekk inn for at Sparebank 1 Søre Sunnmøre skulle gå inn i Sparebank 1 SMN grunna funksjonane som då blei oppretta, hadde Brautaset følgjande kommentar:
– Det viktigaste er at vi har masse tilsette og kompetansearbeidsplassar, der folk har fått moglegheit til å jobbe inn mot ein bedriftsmarknad vi ikkje kunne tidlegare. Etter fusjonen har vi høve til å handtere langt større kundar enn før, sa Brautaset.
Han viste også til opprettinga av Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre i samband med fusjonen.
Publisert: 18.10.2024 10:29
Sist oppdatert: 18.10.2024 12:20