Stig Brautaset og Harald Indresovde
USAMDE: I striden om Sparebank1 Søre Sunnmøre skulle bli ein del av Sparebank1 SMN arbeidde Stig Brautaset (t.v.) og Harald Indresøvde for stikk motsett konklusjon. Stig Brautaset vart toppsjef i banken i 2016, då dette biletet vart teke. Då vart også tidlegare sjef i banken, Harald Indresøvde ny styreleiar. Foto: Kjetil Haanes
Synspunkt

Bankfusjon og brotne lovnader

Dette må vere ein liten noregsrekord i løftebrot, skriv tidlegare sjef i Sparebank 1 Søre Sunnmøre-sjef Harald Indresøvde om samanslåinga med Sparebank 1 SMN.

21.10.2024

Det er langt frå overraskande at fusjonslovnader vert brotne. Det har eg peika på i fleire avisinnlegg. Det som er overraskande i dette tilfellet er kor raskt det skjer. Dette må vere ein liten Noregsrekord i løftebrot. 

Etter få månader var det over og ut for løftet om at kapital/formuesforvaltning i SMN skulle leiast frå Volda. Etter berre 1,5 år er det slutt også for det viktigaste fusjonsagnet, nemleg at ein nyoppretta Divisjon Sunnmøre og Fjordane skulle styrast frå Volda. 

Det var heftig debatt i lokalavisene om fusjonen med Trondheimsbanken SMN i 2022. Vi var mange som engasjerte oss mot og vi peika på at alle bankfusjonar har betydd nedbygging, oftast kraftig, i den banken som blir overtatt. Vi peika også på at lovnadene ville bli verdilause etter at  fusjonen var gjennomført. 

SMN og leiinga i Sparebank1 Søre Sunnmøre køyrde imidlertid på og klarte på ein merkelig måte å overtyde dei fleste i dei besluttende organa, lokalpolitikarar og tilsette om at fusjonen ville bety oppbygging, ikkje nedbygging. Fusjonslovnad nr 1 var altså at Volda skulle bli sentrum for Divisjon Sunnmøre og Fjordane. Til og med SMN si store avdeling i Ålesund skulle ligge under Volda og talet på årsverk skule betydeleg opp.

Adm.dir. Brautaset tok sterke ord i bruk:  "Dei som sa det ville bli papir på veggane før vi veit ord av det, skal få tyggje papira. Her skal det bli fleire årsverk og ikkje færre." (Sunnmørsposten 3.5.23) Nå er både han og divisjonen han skulle leie borte frå organisasjonskartet og det som er igjen av gamlebanken er betydeleg nedbemanna. Etter mine opplysningar har minst 20 tilsette slutta sidan fusjonsplanane kom opp. Nokre få har vel kome til, men mykje verdifull kompetanse er borte, særlig på satsingsområda næringsliv og plassering.

Idag er det berre å håpe at banken klarer å bygge seg opp igjen på søre Sunnmøre. 

Det er samtidig vanskeleg å la vere å minne om det som skjedde fram til fusjonsvedtaket. Eg vil kalle det profesjonelt lureri og dei fleste lokale aktørane lot seg naivt lure av veltalande bankdirektørar som hadde ein heilt annan agenda enn å bygge opp ny bankdivisjon m.m. ved Voldakontoret. Eg er skuffa over at så mange medlemer i Generalforsamlinga ikkje var kritiske nok til alle lovnadene. Det var jo lett å sjekke kva som har skjedd i andre fusjonar opp gjennom åra. Eg er særleg skuffa over lokalpolitikarane med Sp-ordførarane i spissen (skal ikkje Sp stå fremst i kampen mot sentralisering?) som let seg rive med i denne kompetansetappinga og sentraliseringa.

Fusjonen er eit faktum. Vi har Sparebankstiftinga som vil vere viktig og SMN vil nok klare å få bra bankdrift i våre bygder etter kvart. Men vi har for alltid og på falske premisser tapt noko som er mykje meir verdifullt; den lokale sparebanken.

Av Harald Indresøvde, tidlegare sjef i Sparebank 1 Søre Sunnmøre

Publisert: 21.10.2024 12:38

Sist oppdatert: 21.10.2024 12:46

Mer om