Ålesund innfelt julianne sørheim foto Ganger Rolf Wikimedia Commons privatmegleren 11
GOD AKTIVITET: Prisane i bustadmarknaden held fram med å stige, viser tal for mars månad. Ålesunds-meklar Julianne Sørheim fortel om god aktivitet. Foto: GangerRolf, Wikimedia Commons/Privatmegleren
Nytt

Framleis tregast bustadsal i landet

Men også i Ålesund har bustadmarknaden skote fart - og kvadratmeterprisen held fram med å stige.

Marius Rosbach
08.04.2021

Ferske tal frå Eiendom Norge viser at bustadseljarar i Ålesund-området må vente lengst i landet med å få selt bustaden.

Ei liggetid på 68 dagar i gjennomsnitt i mars, er likevel betydeleg raskare enn tala var ved utgangen av januar. Då låg snittet på 87 dagar. Tal for heile landet viser at tempoet i bustadsalet skaut fart i den første vårmånaden. I snitt tok det 43 dagar å selje ein bustad her til lands i mars, ein nedgang frå 52 månaden før.

Eigedomsmeklar Julianne Sørheim i Privatmegleren Ålesund fortel at det generelt er god fart og aktivitet på visningar om dagen.

– Det er meir fokus på alt som har med heim og dei nære tinga, og ikkje minst i fritidsmarknaden er det god vekst, fortel ho.

Tala for heile landet viser at det er selt rekordmange bustader her til lands så langt i 2021. Også i Ålesund blei det selt langt fleire bustader førre månad, enn i fjor.

Medan det i mars fjor blei selt 83 eigedomar i kommunen, blei det i mars i år selt 122. Begge månadene – spesielt mars månad i fjor - blei samtidig påverka av skjerpingar i smitteverntiltak.


Kvadratmeterprisen opp i Ålesund

Prisutviklinga for heile landet har vore uvanleg sterk det siste året, og 12-månadersveksten ligg no på nivå med rekordåret 2016. Prisane steig med 1,2 prosent i mars, eller 1,1 prosent korrigert for sesongvariasjonar.

Regiontala frå Eiendom Norge kjem ikkje før i midten av månaden, men Sørheim kan opplyse at kvadratmeterprisane viser ei auke for Ålesund.

I mars månad låg gjennomsnittsprisen for Ålesund-bustadene på 32.824 kroner. Det er nær 4,5 prosent høgre enn målt snittprisen i heile 2020.

Jamt høgt trykk
Til vanleg gir tida etter påske eit oppsving i aktiviteten, ikkje minst for einebustader. I år opplever Sørheim det har vore eit jamt høgt trykk samanlikna med tidlegare år.

– Det er mange som har einebustader som skal ut på marknaden, men her spelar også veret ei rolle. Mange vil nok vente til dei kan få fram hagane sine, så kanskje det kjem ein boom om nokre veker, seier Sørheim.

Publisert: 08.04.2021 11:25

Sist oppdatert: 08.04.2021 13:07

Mer om