Didrik Vestre koordinator Kaoskollektivet foto Ogne
HISTORIE: Blant mottakarane av interiør og utstyr frå Framtidslaben er den kommunale ungdomsklubben Kaoskollektivet på Moa. Denne veka bar koordinator Didrik Vestre frå ungdomsklubben mellom anna treklossar med nokre av FN sine 17 berekraftmål på ut døra hos Framtidslaben. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Framtidslaben flyttar ut

Exit frå eigen etasje, til 4,8 millionar kroner året.

23.12.2024

Då det vart avgjort at Ålesund kommune sitt prestisjeprosjekt Framtidslaben - offisielt United Future Lab Norway - skulle omorganiserast, tok Ålesund kommune rekning for husleiga på NMK ut avtaleperioden.

Leigeperioden går ut ved årsslutt 2024.

No blir utstyrt og interiør rydda ut og fordelt til andre som kan ta det i bruk. 

Framtidslaben arbeider framleis med berekraftspørsmål og for å etablere en arena for samarbeid og erfaringsutveksling mellom det offentlege, akademia, organisasjonar og privat næringsliv, men på ein annan måte enn før omorganiseringa.

Misnøye frå næringlivet var med på å utløyse omorgansieringa.

– Næringslivet gir uttrykk for at samarbeidet mellom kommune, akademia og næringsliv gjennom Framtidslaben har gitt veldig få konkrete resultat, sa dåverande Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal i eit intervju med Nett No i 2023.

Les bakgrunn:

Kontorfellesskap for fire
Sissel Standal, som vart sjef for Framtidslaben etter at omorganiseringa vart vedtatt, flyttar no inn i eit kontorfellesskap for fire personar i ein anna del av NMK-bygga.

No er det slutt på god plass til eigne møte og arrangement i eigne lokale. Det blir lagt andre stadar.

Framtidslaben BK1 A4783 foto Kristin Stoylen 1 FV Sissel Standal Christian Finnskog Jon Kristian Rydningen Margrete Emblemsvag
KONTORFELLESSKAP: Dagleg leiar Sissel Standal (til venstre) i Framtidslaben blir ein del av eit kontorfellesskap med prosjektleiar Jon-Kristian Rydningen i Bærekraftsløftet,, bærekraftskoordinator Margrete Emblemsvåg og Christian Finnskog i The North West. Foto: Kristin Støylen

Dei tre andre i kontorfellesskapet er Margrete Emblemsvåg, Jon-Kristian Rydningen og Christian Finnskog.

Emblemsvåg er berekraftkoordinator for sju kommunen på nordre Sunnmøre, finansiert av statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Rydningen er prosjektleiar for Bærekraftsløftet Møre og Romsdal, som er eit samarbeid mellom NHO, KS og LO. 

Finnskog jobbar med The North West, som etter omorganiseringa er eit datterselskap av Framtidslaben.

Eva Vinje Aurdal 2 foto Ogne
INNFRIDDE IKKJE: – Næringslivet gir uttrykk for at samarbeidet mellom kommune, akademia og næringsliv gjennom Framtidslaben har gitt veldig få konkrete resultat, sa dåverande Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal i eit intervju med Nett No i 2023. Det er bakgrunnen for at Framtidslaben var omorganisert, og kostnadane kutta. Foto: Ogne Øyehaug

Skal rekruttere
Det komande året blir rekruttering av nye partnarar til Framtidslaben ei av hovedoppgåvene for Standal. Frå å vere kommunalt finansiert og styrt, skal dei no i langt større grad vere finansiert og styrte av partnarane, deriblant bedrifter.

Per i dag har Framtidlaben om lag 15 partnarar. Fire av dei er bedrifter; Bauta Group, Nardo Bil, Atea og Energiråd. 

– No er det ny start. Vi skal ut og selge partnarskap, seier Standal. 

Målet er 40 betalande partnar innan 2027, fordelt om lag 50/50 mellom bedrifter og det offentlege, akademia, og organisasjonar.

Står på tre bein
I tillegg til finansiering frå partnarane, baserer Framtidslaben seg på at den får støtte til finansiering av konkrete i prosjekt innan sitt felt og inntekter frå rolla som regional koordinator for det nasjonale nettverket Klimapartnerne.

Klimapartnerne gir mellom anna hjelp til å føre klimarekneskap for bedriftene og stiller krav om at medlemane er, eller blir, miljøsertifisert.

Publisert: 23.12.2024 05:00

Sist oppdatert: 22.12.2024 13:50

Mer om