Eva Vinje Aurdal 2 foto Ogne
AMBISIØS SATSING: Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal under eit arrangement i Framtidslaben i Ålesund. Framtidslaben var ei av dei mest ambisøse satsingane til nye Ålesund kommune, ifølgje ordføraren. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Restart for Framtidslaben

Misnøye i næringslivet utløyste omorganisering.

12.04.2023

7. mars var omlag 100 personar samla på på eit partnarmøte i Framtidslaben i Ålesund.

Bakgrunnen var misnøye med resultatet av medlemskapet hos mange av bedriftene som er partnarar. Møtet skulle gi Framtidslaben - som offisielt heiter United Future Lab Norway - ein ny start.

NHO-Remme leier interimstyre
No har eit interimstyre, med blant andre regiondirektør Espen Remme frå NHO Møre og Romsdal, Marte Aarseth frå Atea og Lars Erik Vinje frå Spilka Building Solutions, fått jobben både med å omorganisere arbeidet og foreslå kva som skal satsast på framover.

Dei øvrige medlemane i interrimstyret er Anne Mette Liavaag og Helge Veum frå Ålesund kommune, styreleiar Gjermund Kvernmo Langset i The North West, viserektor Anne-Lise Sagen Major frå NTNU Ålesund og Oddny Wiggen frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Avdeling i kommunen
Framtidslaben er per i dag formelt ein del av området Teknologi og Innovasjon i Ålesund kommune.

- Vi ser at det er prosjekt i offentleg regi og knytt til offentleg sektor som har dominert i Framtidslaben. Det er dette vi ønskjer å endre på ved hjelp av ei omorganisering og ein restart, seier Inger Synnøve Remme, seniorrådgivar i Ålesund kommune og partnaransvarleg i Framtidslaben til NETT NO.

Planen er først å samle Framtidslaben og selskapet The North West - som står for av regionsutviklingsarrangementet med same namn - i ei juridisk eining.

Deretter vil ein at bedriftene skal ha større medverknad i drifta og at fleire prosjekt skal gi konkret nytte for bedriftene som er med.

Ambisøs satsing
Framtidslaben blei etablert samstundes som nye Stor-Ålesund såg dagens lys i 2019, og skulle bidra til "smart og berekraftig by-, samfunns- og næringsutvikling" i samsvar med FN sine berekraftsmål for 2030.

Satsinga var ei ei av dei mest ambisiøse til den nye kommunen, men har ikkje innfridd forventningane som vart skapt hos næringslivet, sa ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) i eit intervju med NETT NO i påska.

– Eg er ope på at vi ikkje har klart å få til det vi tenkte å gjere på Framtidslaben, i høve det næringslivet forventa. Difor har vi også teke ein veldig tydeleg «restart» med å finne ut korleis vi kan drive det arbeidet best mogleg, sa ho.

Treng ny start
Regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal kjenner seg att i korleis ordførar Eva Vinje Aurdal skildrar Framtidslaben.

- Fleire av våre medlemar har gitt uttrykk for at dei møteplassane og den aktiviteten dei hadde sett for seg (i Framtidslaben, red. merk) ikkje har vore i det omfang, og ikkje skapt den aktiviteten, dei hadde forventa, seier han.

Remme understrekar at bedriftene ikkje vil Framtidslaben til livs, men vil ha ein endring.

- Framtidslaben er ein viktig aktør i det å identifisere utfordringane som både det offentlege og private har med å identifisere berekraftutfordringane i si verksemd og sin forretningsmodell, seier Remme.

Publisert: 12.04.2023 05:00

Sist oppdatert: 12.04.2023 01:23

Mer om