Fregatt avklaring dreg ut
SKAL HOGGAST OPP: Fregatten Helge Ingstad ved Hanøytangen Verft etter at det forliste krigsskipet blei heva. 
Nytt

Fregatt-avklaring dreg ut

To år etter ulykka – milliardfregatten blir til skrap og undersøkingane dryger.

06.11.2020
NPK-NTB-NETT NO: Søndag er det to år sidan den dramatiske kollisjonen mellom fregatten og tankskipet utanfor Stureterminalen i Øygarden. Skulda er enno ikkje fordelt.
Klokka 4.01 natt til 8. november 2018 trefte Sola TS fregatten KNM Helge Ingstad med baugen, etter eit mislykka forsøk på å unngå kollisjon. Ein lydlogg viser at kontakten mellom skipa berre vart oppretta eitt minutt før det small.
Ulykka, havariet og den mislykka berginga etterpå har vorte granska, etterforska og undersøkt, men prosessane er enno ikkje sluttførte, og skuld er ikkje fordelt.

Politisak hos statsadvokaten

Politiet fullførte etterforskinga si av fregattulykka i mars. Fire personar har status som mistenkte i saka etter kollisjonen: Vaktsjefen på fregatten, kapteinen og lósen på tankskipet, og dessutan operatøren på sjøtrafikksentralen til Kystverket på Fedje.
Etter at Generaladvokaten og Sjøfartsdirektoratet hadde gitt politiet utsegnene sine til etterforskinga, sende politiet i september ei innstilling til statsadvokaten i Hordaland og Sogn og Fjordane. Der ligg saka no til vurdering, før Statsadvokaten gir innstillinga til Riksadvokaten.
– Saka har vore etterforska i nær to år, så vi treng naturleg nok meir tid på denne enn på andre saker. Eg kan ikkje seie når vi er klare, vi vil bruke den tida det tar, av respekt for alle involverte, det fortener dei, seier statsadvokat Magne Sylta til NTB.

Søksmåla

Om ei eventuell straffesak kan dryge, er det minst to andre rettssaker på veg neste år.
I den første er det staten ved Forsvarsdepartementet og eigarane av Sola TS, som har saksøkt kvarandre. Bergen tingrett skal ta stilling til ansvaret til partane for skade som følgje av kollisjonen. Saka skulle gått i september, men er utsett, og startar 1. mars 2021.
I den andre saka har staten stemna klasseselskapet DNV GL (tidlegare Veritas) og krev 15 milliardar kroner i erstatning. Det gjorde staten etter at Havarikommisjonen i første delrapport fann at fregatten hadde hole propellakslingar, som førte til at vatn raskt kunne spreie seg i fartøyet og som bidrog til at det sokk då ulykka først hadde skjedd. staten meiner at DNV GL burde avdekt dette på 5-årskontrollen i 2016, då klassifiseringsselskapet i staden enda med å gi fregatten nytt klassesertifikat fram til 2021.
Saka skulle gått i vår, men er utsett i påvente av den endelege rapporten frå Havarikommisjonen om kva som skjedde etter kollisjonen.
– Vi er ferdige med undersøkingane no. Det skal omsetjast, så skal alt ut til dei ramma partane. Etter denne eksterne konsultasjonen vil det truleg komme innspel. Så vi ser for oss ei publisering i mars, omtrent, seier Dag Liseth, avdelingsdirektør for sjøfart i Statens havarikommisjon for transport.

Grove regelbrot

Undersøkingane til havarikommisjonen strekk seg berre til fregatten fekk status som tapt. Då starta den såkalla bergingsoperasjonen, på vårparten i 2019. Der har PwC og Arbeidstilsynet allereie levert granskingsrapportar.
Den havarerte fregatten låg ved Sjøforsvarets hovudbase Haakonsvern og måtte lappast saman veldig fort for å kunne flyte igjen og fraktast vekk, noko som fekk varsellampene til å lyse hos Arbeidstilsynet. Dei innleigde arbeidarane jobba svært mange timar i veka.
I juli i år kom Arbeidstilsynets rapport. Forsvaret og alle dei fem kontrollerte selskapa som hadde folk arbeidande på fregattvraket, har gjort seg skuldig i grove regelbrot. Arbeidstilsynet opplyser at fleire av verksemdene har søkt rettleiing hos tilsynet for å sikre at dei har rett forståing av kva som blir kravd i tilbakemeldinga deira.
– Alle verksemdene har no sendt inn dokumentasjon og tilsvar som er under behandling hos Arbeidstilsynet. Det er derfor for tidleg å informere om kva som skjer vidare. Vi forventar å ha klart svar til verksemdene i november, seier seksjonsleiar Marita Scott i Avdeling for tilsyn.

Blir til skrapmetall

Bergingsoperasjonen mislykkast og i juni 2019 vedtok regjeringa at KNM Helge Ingstad ikkje skal reparerast.
I sommar vart fregatten lagt ut på anbod for opphogging, og skal bli til skrapmetall.
– Fregatten Helge Ingstad skal destruerast. Den ligg no i opplag for uthenting av reservedelar og klargjering for destruksjon, parallelt med at det blir arbeidd med å innhente tilbod frå aktuelle norske leverandørar, seier kommunikasjonsrådgivar Elisabeth Sandberg i Forsvarsmateriell.
Ho seier det er eit komplisert arbeid.
Dei er no i fase to av arbeidet med å velje ut kven som får oppdraget med å destruere skipa. Green Yard er ein av konkurrentane, men om Green Yard får oppdraget skal opphogging skje på anlegget på Sunnmøre, ikkje hos Green Yard Kleven. Green Yard Kleven har søkt om å bli godkjent som opphoggingsverft, og ventar at godkjenninga er klar ved årskiftet.
– Det er gjennomført leverandørsynfaring på fregatten og tilbydarkonferanse i veke 42. Tilbodsfristen er 12. november, seier Sandberg, som ikkje ønskjer å seie kor mange eller kven som er med i den vidare konkurransen.
Forsvarsmateriell tek sikte på at kontrakten blir signert på nyåret og at arbeidet med å hogge opp fregatten kan byrje snarast mogleg etter det.

Publisert: 06.11.2020 12:51

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:08