Ulstein maritim industri innfelt jenny klinge foto marius ragne b lysakr senterpartiet 11
MÅ HA EIT ALTERNATIV: Jenny Klinge (innfelt) kunne roe bedrifter som er avhengige av stabile relasjonar til EU, om at partiet ikkje vil ta Norge ut av EØS, utan ein alternativ avtale på bordet. Foto: Marius Rosbach- Ragne B. Lysaker/Senterpartiet
Nytt

Sp-Klinge: – Vi er ikkje ein gjeng galningar

Stortingspolitikaren forsikra at EØS-avtalen «utan tvil» overlever dei neste fire åra, då partitoppar møtte næringslivet i Møre og Romsdal.

Marius Rosbach
12.05.2021

Senterpartiet si haldning til EØS og EU var mellom tema då partitoppar i Møre og Romsdal møtte næringslivet i regi av NHO Møre og Romsdal digitalt tysdag.

Opplegget var det tredje i rekka av ei serie med utspørringar av dei ulike partia (sjå vidare program under).

Klinge stilte saman med Per Ivar Lied, Ingrid Waagen og Janb Olav Tryggestad, medan Vestnes-ordførar Geir Inge Lien måtte prioritere arbeid med koronautbrotet ved Vard Langsten.

Problemet vårt med EØS-avtalen er at den er langt meir enn ein handelsavtale
Jenny Klinge

– Vi er ikkje ein gjeng galningar, forsikra førstekandidat Jenny Klinge gjentekne gonger då NHO-direktør Espen Remme bad ho utdjupe korleis dei ser på forholdet til Europa.

Vil ha ei anna innretning på EØS-avtalen
Storparten av eksporten her til lands, går til EU-områder. Det har vore stor uro i bransjar som er avhengig av at det ikkje blir «krøll på handelen» med kundar på kontinentet.

– Problemet vårt med EØS-avtalen er at den er langt meir enn ein handelsavtale. Vi ønsker ein avtale med ei anna innretning, men EØS er utan tvil med oss dei neste fire åra, forsikra ho.

Klinge fortalde at sjølv om ho er mot avtalane slik dei er i dag, har ho vakse opp i ei familiebedrift med ein far som var EU-tilhengar.

– Senterpartiet held seg til at vi er ein del av EØS, og vil ikkje ut av den avtalen utan eit godt alternativ, la ho til.

På ein god dag, kan vi få inn ei tredje representant på utjamningsmandat
Jenny Klinge

Kaprar truleg nye mandat frå fylke
Klinge la ikkje skjul på at ho var spent på resultatet av valet til hausten. Senterpartiet har gjort det skarpt på målingar det siste året, og Surnadal-politikaren ligg an til å få selskap på Stortinget.

– Målingane tyder på at vi kan bli to stykkar, og på ein god dag, kan vi få inn ei tredje representant på utjamningsmandat, påpeike Klinge begeistra.

Klinge trur dei gode målingane for Sp har bidrege til å skape eit klima for å senke ferjeprisane. Seinast denne veka la regjeringa fram ein fem-årsplan for korleis billettane skal ned til det halve – etter at opposisjonen sikra fleirtal.

– Det presset som var frå veljarane, trur eg førte dette, sa Sp-toppen.

(saka held fram under)

Jenny klinge skjermdump nho møre romsdal 11
SAMFERDSEL: Jenny Klinge (Sp) er glad for at fylkesvegane er inne Nasjonal Transportplan, men fortel at partiet vil gå lengre. Ho meiner det er behov for eit større løft for å ta unna etterslepet på vedlikehald av fylkesvegane. Skjermdump: Teams-møte NHO Møre og Romsdal

– Ønsker ein aktiv stat
Klinge fortalde at partiet ville jobbe for mindre skjemavelda og byråkrati, og oppmoda NHO til å krevje at nokon tek «ryddejobben».

Redusert moms for reiselivet og ei nasjonal satsing på bransjen, er andre grep ho meiner vil vere viktig for mange bedrifter i Møre og Romsdal.

–Vi er ikkje næringsnøytrale, og ønsker ein aktiv stat med målretta bruk av verkemiddelapparatet, sa Klinge – og la til at partiet også at staten legg vekt på til dømes kvalitet og bruk av lærlingar i kontraktar.

Ho var også villig til å sjå på moglegheitene for å bruke anbodspolitikken meir aktivt, for å sikre at norske verft får oppdraga når staten bygger skip.

Les om fleire partiutspørringar under:

Komande politikartreff i regi av NHO Møre og Romsdal:

  • Fredag 14. mai Framstegspartiet
  • Tysdag 18. mai Kristeleg Folkeparti
  • Fredag 21. mai Venstre/MDG/SV/Raudt

Publisert: 12.05.2021 11:03

Sist oppdatert: 12.05.2021 13:21

Mer om