Privateigde bedrifter er motorane i mange lokalsamfunn
– PRIVAT EIGERSKAP VIKTIG: NHO-direktør Espen Remme (t.v.) i Møre og Romsdal påpeiker at private lokale eigarar er viktige. Sindre (midten) og Jan Endre Vartdal eig Vartdal-konsernet saman med systera Ingvild, som også er styreleiar.
Nytt

– Privateigde bedrifter er motorane i mange lokalsamfunn

Fersk undersøking viser at Møre og Romsdal er mellom fylka der flest jobbar i privateigde bedrifter. For Vartdal Plast-eigarane har det aldri vore aktuelt å selje.

Marius Rosbach
29.02.2020
Ein ny rapport frå Menon Economics understrekar betydninga private eigarar har for verdiskaping og sysselsetting her til lands. NHO-direktør Espen Remme i Møre og Romsdal møter NETT NO hos Vartdal Plast i Ørsta – ei bedrift han meiner er eit «glimrande døme på norsk privat eigarskap».

Undersøkinga frå Menon viser at 61 posent av alle sysselsette i norsk næringsliv jobbar i ei bedrift som er privateigd. På mindre plassar er det gjerne 70-80 prosent.
– Vi opplever at lokale eigarar er meir langsiktige og har ei anna samfunnsbyggande interesse, enn det vi opplever hos andre eigarar, fortel han til NETT NO.
Fleire har vore bekymra den lokale eigarskapen på Sunnmøre dei siste åra. Ei rekke bedrifter er selt til utanlandske eigarar og Remme meiner det er grunn til å åtvare.
– Vi ser dei fordelane ved bedrifter som Vartdal Plast, og at dei veljar å «stå i det» i staden for å kapitalisere ved å selje. Privateigde bedrifter er motorane i mange lokalsamfunn, seier han.

Les også:


NHO-sjefen:



– Nok av tilbod

Dei tre søskena, Jan Endre, Sindre og Ingvild, eig ein tredjepart kvar i Vartdal Holding. Størstedelen av inntektene kjem frå Vartdal Plast, som mellom anna lagar transportkasser for fisk, emballasjemateriale og byggisolasjon i ekspanderbar polystyren.

– Det har aldri vore aktuelt, men det er nok av tilbod, svarar dagleg leiar Jan Endre Vartdal på spørsmålet om dei nokon gong har vurdert å selje.
Han fortel om korleis dei er ein del av ei historie og ein kultur, der dei saman med «folka våre» - har «fått til ting saman». Han meiner det forpliktar til vidare satsing.
– Vi driv jo med plast – og når ein les kva avisene skriv om plast for tida, så kunne ein kanskje tenke det hadde vore meir behageleg å kvitte seg med det heile, seier Jan Endre og kostar på seg ein latter.

– Finner ikkje eit større kick

Vartdal Plast har gjort – og er i ferd med å gjere – store investeringar for å gjere drifta meir berekraftig. Mellom anna med eit større resirkuleringsarbeid.

Han meiner det å takle utfordringar «saman med gjengen din» er noko av den største motivasjonen: – Å kome gjennom det og plutseleg kunne sjå 50 år framover igjen – du finn ikkje eit større kick enn det!

Les også:


Samtidig er dei lokalpatriotar, og vil gjerne bidra til å behalde eit levande distrikts-Norge.
– Vi har bygd dette landet og busettinga ved å skape arbeidsplassar. Og skal vi utvikle landet vidare, må vi ha verdiskaping der føresetnadene kanskje ikkje er heilt openberre, seier han.
Konsernet har dei siste åra hatt ei omsetning på meir enn 700 millionar og sysselsett til saman 240 tilsette. Om lag halvparten jobbar lokalt på Vartdal.

Har hatt fleire generasjonar i arbeid

Vartdal har , og har planar om nye utvidingar lokalt. Men dei er klare på at det er noko dei gjer for å styrke seg som privateigd selskap. Byggvarebransjen som Vartdal orienterer seg mot, krev at dei er til stades over heile landet. Då er det både effektivt og meir miljøvennleg å ha fleire fabrikkar.

Det er langt frå sjølvsagt å legge ein fabrikk som lagar ting som skal ut til heile landet, på Vartdal. Då må ein feste sin lit til både ferjer og ein E39 som har sett sine beste dagar.
Trass i at bedriftseigarane har sine meiningar om auka ferjetakstar, er det ikkje sjølvsagt at det er økonomisk smart å flytte heller.
– Vi har så sterke røter i bygda og kommunen, som gjer at folk vil jobbe her. Det gir oss stabilitet i arbeidskrafta, som gjerne går i generasjonar. Vi løftar i lag, og mykje av pengane vi tener går til dømes tilbake til idretten for å skape eit samfunn.

Les også

:

Lokale støttespelarar

Vartdal-bedrifta støttar lokal idrett som handball, fotball, friidrett, alpint og meir til. I Ørsta sentrum er dei mellom anna med på . Dei har også vore med å sørge for at bygda fekk sin eigen idretts- og kultursal.

– Det fekk næringslivet og folka i bygda til saman, men vi har tru på å vere forbilde for dei som kjem etter. Slik vil kanskje dei også skape noko, legg han til.

Les også:


Det er musikk i øyrene til NHO-direktør Espen Remme. Han er uroa for stadig aukande sentralisering mot Oslo og meiner lokale hjørnesteinsbedrifter kan spele ei nøkkelrolle for å motvirke utviklinga.
– Private eigarar som investerer langsiktig i lokalsamfunn, gir ungdom deira første jobb og sikrar kommunane inntekt – dei gir tryggheit, samhald og tilhøyregheit, meiner Remme.
NHO-direktør Ole Erik Almlid snakka også om verdien av . Han peika mellom anna på at Menon-rapporten viser at 40 prosent av verdiskapinga i Norge kjem frå privateigde bedrifter.

Les også:



Opplever forståing for mindre formueskatt

NHO sitt bodskap om stabile rammevilkår for å sikre gode levekår for bedriftene, er velkjent for dei fleste. Formueskatt er eitt av dei – og Jan Endre Vartdal seier han skjønar at folk flest kan reagere på rike bedriftseigarar som er misnøgd med å skulle betale skatt.

Han meiner det er sjølvsagt at pengar dei tek ut av bedrifta til privat forbruk skal skattast av.
– Men det er vanskeleg å skjøne kvifor dei politiske partia ikkje kan sette seg ned og finne ein modell som gjer at arbeidande kapital ikkje må skattast av. Den kan ikkje vere så vanskeleg, seier han.
No trur han likevel fleire av partia er på gli: – Eg føler at mange er meir modne for å vere med på ein ny modell, som ikkje straffar den som investerer i teknologi og utvikling, seier han.

Treng tid til grønt skifte

Vartdal er også spent på korleis det grøne skiftet vil gjere utslag i skatte- og avgiftspolitikken.
Han fortel korleis brå endringar i politikken kan gi utfordringar. Bedrifta blei tidlegare råda til å gå over til flytande gass (LPG) som energikjelde, og fekk fleire millionar i støtte frå styresmaktene for å gjere det. Kort tid etterpå blei avgiftene på LPG auka, og bedrifta fekk brått auka kostnadene.
– Det er viktig at den avgiftspolitikken som kjem på berekraft, skjer i eit tempo som gjer at bedriftene har tid til å tilpasse seg, påpeiker han.

Les også:




Skal vi utvikle landet vidare, må vi ha verdiskaping der føresetnadene kanskje ikkje er heilt openberre

Publisert: 29.02.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53