Åse Kristin Ask Bakke Per Vidar Kjølmoen Ulstein Group foto Marius
AP-TOPPAR: Per Vidar Kjølmoen og Åse-Kristin Ask Bakke var mellom Ap-toppane som deltok i valkamputspørring i regi av NHO Møre og Romsdal. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ap: Ber om fleire faste tilsette i maritim bransje

Ap-topp i Møre og Romsdal er uroa for omfanget av utanlandsk arbeidskraft.

Marius Rosbach
10.05.2021

(Sjå opptak av sendinga frå NHO Møre og Romsdal under)

Då Ap-toppane i fylket før helga ble spurt ut av representantar frå bedrifter og organisasjonar i regi av NHO Møre og Romsdal, kom toppkandidat Per Vidar Kjølmoen også med ei utfordring tilbake til næringslivet.

– Bransjen må legge opp til at det blir meir faste tilsettingar, oppmoda Kjølmoen.

Omfanget av innleigd arbeidskraft er så omfattande i Møre og Romsdal, at det bør gjerast noko med, meiner listetoppen. Han fortalde om eit besøk ved eit større verft, der han fekk opplyst at éin av 12 tilsette var norske.

Sjølv om det kan vere tøffe tider no, så må ikkje bedriftene spare på læreplassar
Per Vidar Kjølmoen

Oppmoda til å ta inn lærlingar
– Svaret frå næringslivet er at det er mangel på fagarbeidar, men det er berre ein del av svaret, sa han.

Kjølmoen trekte fram auka satsing på lærlingar som ein del av svaret.

– Sjølv om det kan vere tøffe tider no, så må ikkje bedriftene spare på læreplassar. Det skapar framtidas arbeidsmarknad og opnar for at vi kan ha fagarbeidarar, la han til.

Vil ha strengare reguleringar av innleige
Ap-politikaren understreka også at utfordringa er eit felles ansvar.

Han viste vidare til at fleire parti i Møre og Romsdal har gått saman om det fylkeskommunale prosjektet «Den norske fagarbeidaren», for å auke talet på norske fagfolk i maritim sektor.

Kjølmoen understreka at partiet stod på EØS-avtalen, og at dei ikkje ønska noko forbod mot innleige av arbeidskraft.

– Men vi vil regulere det strengare enn i dag, la han til.

Strynefjellet på topp av nye samferdsleprosjekt
Kjølmoen stilte til valkamputspørringa fredag saman med 2. og 3. kandidatane Åse-Kristin Ask Bakke og Berit Tønnesen, og stortingspolitikar og påtroppande statsforvaltar Else-May Norderhus.

Ap-politikarane fekk mellom anna spørsmål om korleis dei såg på store samferdselsprosjekt som Hafast og ny tunnel på riksveg 15 over Strynefjellet.

Kjølmoen forsikra at han hadde tru på Hafast, og at partiet vil prioritere Strynefjellet på topp mellom nye prosjekt til Nasjonal Transportplan vidare.

Han la også til at han var skeptisk til at utbetring av eksportvegen E136 gjennom Romsdalen, er overført til Nye Veier. Han fryktar prosjektet kan bli nedprioritert.

Sjå opptak av sendinga frå NHO Møre og Romsdal under:


Publisert: 10.05.2021 09:31

Sist oppdatert: 12.05.2021 10:06

Mer om