Nytt
Korona har ikkje sett lærlingar på land
Reiarlaga har vist stor vilje til å ta i mot ungdomar til tross for pandemien. Opplæringskontoret for maritime fag er likevel uroa for rekrutteringa.
Marius Rosbach
25.11.2020
Då koronapandemien slo til blei dagleg Torunn Lied Giske ved Opplæringskontoret for maritime fag spent på korleis det skulle gå for lærlingane deira.
– Vi blei veldig bekymra og var klare til å sette inn tiltak. Men det viste seg at reiarlaga hadde gode ordningar for å ta i vare ungdomane. Det er ingen av dei som har vorte permitterte som følgje av Covid-19, fortel ho til NETT NO.
Ei sjølvsagt årsak til at reiarlaga er flinke til å følgje opp, er at reiarlaga er pliktige til å ta inn eit visst tal lærlingar per skip for å få nyte godt av nettolønnsordninga for sjøfolk.
Tysdag møtte ho stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt (Frp) saman med Maritimt Forum Nordvest for å uttrykke si .
Då viste Lied Giske til at også deira ungdomar blir råka av forslaga ved at tilbodet om opplæringsplassar blir færre om forslaget blir ein realitet.
Havila Offshore-sjef Njål Sævik deltok på møtet og påpeika at ordninga med opplæringsstillingar har vore viktig for at reiarlaga har klart å bygge opp den kompetansen dei har i dag. Reiarlaget frå Herøy har no kring 500 sjøfolk i arbeid, og kring 300 av dei er norske.
Til saman har dei over 500 lærlingar under utdanning i region Nordvest, som strekk seg frå Florø til Trøndelag. Hovudtyngda held til i Møre og Romsdal. I tillegg følgjer dei opp kring 150 kadettar som er ute på sjøen for å få praksis. Mange av desse blir etterpå offiserar.
I tider som no, med mykje negative nyheiter kring dei maritime næringane, blir Torunn Lied Giske bekymra for rekrutteringa.
– Vi ser at kvar gong det kjem negative nyheiter så blir foreldre og dei unge usikre. Då lurar dei på om dette er noko dei tør søke på, seier ho.
Ho trur også eit bilde oljebransjen som ei litt «utdatert» og forureinande bransje gjer at mange vegrar seg mot å søke seg til den delen av næringa.
– Bransjen viser i dag stor omstillingsevne i møte med det grøne skiftet, og noko av vår oppgåve er å motbevise at ei utdanning i maritim retning, er ei utdanning til eit forureinande yrke, seier ho.
– Ungdomane som vel maritim utdanning i dag er med på å utvikle grøn teknologi og drift av fartøy. Om dei kjem inn no, får dei vere med på heile stigen med det som skjer innan både batteriteknologi, gass- og hybriddrift, påpeiker ho.
Til inntaket i haust hadde deira kontor i utgangspunktet 30 ledige læreplassar grunna låge søkartal. Men låge oljeprisar gjorde at offshorereiarlaga tok inn færre enn planlagd, i tillegg til at nokre bedriftene vart forsiktige i møte med pandemien.
– Slik sett gjekk det likevel bra og vi fekk fylt opp dei plassane vi hadde ledige, fortel ho.
– Det er også litt fleire fartøy som går langs kysten i frakt. Så lenge dei går med norsk mannskap, har vi moglegheit til å ha læreplassar der også, seier Lied Giske.
Då er ho tilbake til viktigheita av nettolønnsordninga - som gjer at reiarlaga blir motivert til å la vere å ta om bord mannskap frå utlandet.
– Vi blei veldig bekymra og var klare til å sette inn tiltak. Men det viste seg at reiarlaga hadde gode ordningar for å ta i vare ungdomane. Det er ingen av dei som har vorte permitterte som følgje av Covid-19, fortel ho til NETT NO.
Ei sjølvsagt årsak til at reiarlaga er flinke til å følgje opp, er at reiarlaga er pliktige til å ta inn eit visst tal lærlingar per skip for å få nyte godt av nettolønnsordninga for sjøfolk.
Nettolønnsordninga har vore viktig
Leiaren for opplæringskontoret påpeiker at alt ikkje er rosenraudt.Tysdag møtte ho stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt (Frp) saman med Maritimt Forum Nordvest for å uttrykke si .
Då viste Lied Giske til at også deira ungdomar blir råka av forslaga ved at tilbodet om opplæringsplassar blir færre om forslaget blir ein realitet.
Havila Offshore-sjef Njål Sævik deltok på møtet og påpeika at ordninga med opplæringsstillingar har vore viktig for at reiarlaga har klart å bygge opp den kompetansen dei har i dag. Reiarlaget frå Herøy har no kring 500 sjøfolk i arbeid, og kring 300 av dei er norske.
Les også:
Negative nyheiter påverkar
Opplæringskontoret for maritime fag held til i Ålesund sentrum saman med Marint Kompetansesenter.Til saman har dei over 500 lærlingar under utdanning i region Nordvest, som strekk seg frå Florø til Trøndelag. Hovudtyngda held til i Møre og Romsdal. I tillegg følgjer dei opp kring 150 kadettar som er ute på sjøen for å få praksis. Mange av desse blir etterpå offiserar.
I tider som no, med mykje negative nyheiter kring dei maritime næringane, blir Torunn Lied Giske bekymra for rekrutteringa.
– Vi ser at kvar gong det kjem negative nyheiter så blir foreldre og dei unge usikre. Då lurar dei på om dette er noko dei tør søke på, seier ho.
Ho trur også eit bilde oljebransjen som ei litt «utdatert» og forureinande bransje gjer at mange vegrar seg mot å søke seg til den delen av næringa.
– Bransjen viser i dag stor omstillingsevne i møte med det grøne skiftet, og noko av vår oppgåve er å motbevise at ei utdanning i maritim retning, er ei utdanning til eit forureinande yrke, seier ho.
Er med å utvikle grøn teknologi
Sjølv er Lied Giske ikkje i tvil om at ho vil råde unge til å utdanne seg til maritime næringar.– Ungdomane som vel maritim utdanning i dag er med på å utvikle grøn teknologi og drift av fartøy. Om dei kjem inn no, får dei vere med på heile stigen med det som skjer innan både batteriteknologi, gass- og hybriddrift, påpeiker ho.
Til inntaket i haust hadde deira kontor i utgangspunktet 30 ledige læreplassar grunna låge søkartal. Men låge oljeprisar gjorde at offshorereiarlaga tok inn færre enn planlagd, i tillegg til at nokre bedriftene vart forsiktige i møte med pandemien.
– Slik sett gjekk det likevel bra og vi fekk fylt opp dei plassane vi hadde ledige, fortel ho.
Søkartala i bølgjer - og ofte i utakt
Ved opplæringskontoret er dei vande med søkartala går i bølgjer. Men dei går gjerne ikkje i takt med behovet i næringane. Dei siste åra har det vore eit oppsving grunna utviklinga i brønnbåt og havbruk.– Det er også litt fleire fartøy som går langs kysten i frakt. Så lenge dei går med norsk mannskap, har vi moglegheit til å ha læreplassar der også, seier Lied Giske.
Då er ho tilbake til viktigheita av nettolønnsordninga - som gjer at reiarlaga blir motivert til å la vere å ta om bord mannskap frå utlandet.
Les også:
aAnalyse:
Synspunkt:
Publisert: 25.11.2020 10:48
Sist oppdatert: 07.04.2021 19:52