Held fast paa laerlingane i vanskeleg tid
SKJERMA: Lærlingane Daniel Andre Berg (framme t.v.) og Andreas Markussen (t.h.) på Fiskerstrand verft. Bak frå venstre er fagleg leiar Sander Iversen, produksjonssjef Michael Johnsen og HR-sjef Raymond Kaspersen. Sistnemnte fortel at verftet held lærlingane «utanfor budsjett» og vil bidra til at det blir fleire norske fagfolk i industrien.
Nytt

Held fast på lærlingane i vanskeleg tid

Fiskerstrand verft har skjerma lærlingane sine frå økonomiske opp- og nedturar. OTEK Sunnmøre vil at fleire følgjer etter.

Marius Rosbach
21.05.2020
Norsk verftsnæring har utfordrande tider og det er stor kamp om oppdraga. Trass i at situasjonen har blitt enno tøffare etter at koronapandemien slo til, er det ikkje aktuelt for Fiskerstrand verft å kutte i lærlingordninga.
HR-direktør Raymond Kaspersen fortel at etter at verftet hadde ein reduksjon i arbeidsstokken for eit par år sidan, så har dei heldt talet på lærlingar uavhengig av dei tilsette elles.
– Der gjer oss i stand til å lære opp ein ny generasjon med fagarbeidarar - for det treng vi. Det er vanskeleg å rekruttere «ferdige» fagfolk og det har vore spesielt vanskeleg å få tak i norske fagfolk nokre år. Det vil vi gjere noko med, fortel han til NETT NO.
– No må vi hente mye kompetanse frå utlandet, men vi må også forsøke å bygge opp en ny generasjon med fagarbeidarar med lokal tilknyting, legg produksjonssjef Michael Johnsen til.

Fleire opplever også at det har vorte meir vanskeleg å rekruttere frå utlandet dei siste åra, og oppslutninga om lærlingordninga i industrien har gått opp.

– Fiskerstrand utmerkar seg

Haldninga på Fiskerstrand er musikk i øyrene til Ruth Astrid Rødal ved OTEK Sunnmøre. OTEK står for opplæringskontor for teknologifag og jobbar med å kvalitetssikre lærlingordninga hos sine medlemsbedrifter i industrien.
– Fiskerstrand utmerkar seg ved at dei tek inn lærlingar trass i usikre tider. Det skapar trygger rammer for at lærlingane får plass og får fullført utdanninga. Samtidig bidreg det til rekrutteringa til eiga bransje, påpeiker ho.
Medan det tidlegare har vore utfordrande for lærlingar i industrien å få jobb etter fagprøve, har situasjonen det siste året vore at det . Dei fleste har fått jobb raskt etter fagprøve.
No har koronapandemien gitt ekstra utfordringar. Rødal fortel at usikkerheit er det største problemet som no råkar mange lærlingar. Fleire har fått beskjed om at bedriftene likevel ikkje kan ta dei i mot.

Les også:



– Gir mykje meir tilbake

For augneblinken har Fiskerstrand verft to lærlingar som snart er klare for fagprøve, og to førsteårslæringar. Til hausten planlegg dei å ta inn to nye, fortel HR-sjef Raymond Kaspersen.

– Det kostar ikkje mykje å ta inn lærlingar, og dei gir mykje meir tilbake både for miljøet og til dømes at timane deira kan fakturerast, forklarar han.
Kaspersen fortel at det som avgrensar dei no, er kor mykje fagleg kompetanse dei har til å ta i mot nye lærlingar. Den jobben er det mellom anna Sander Iversen som har.

– Stadig nye problem som må løysast

Kvar avdeling som har lærlingar har ein fagleg leiar som sørger for at dei går gjennom det faglege opplegget og er klare for fagprøva på slutten av lærlingtida.
21-åringen som sjølv var lærling på verftet for berre eit par år sida har hatt ei bratt karriere so langt. Etter å ha vore fagarbeidar i knappe to år, tok han over som fagleg ansvarleg frå nyttår.
– Eg var så heldig at eg fekk ta over denne rolla. Eg likar at det alltid skjer noko nytt, og at ingen dagar er like. Ein veit aldri kva ein går til og det kjem stadig nye problem som må løysast. Det lærar eg mykje av, seier Iversen.

Ingen samlebandproduksjon

Iversen er no ein del av leiinga på røyravdelinga og fagleg leiar for den eine av dei to lærlingane NETT NO møter, Andreas Markussen. Lærlingen skal etter planen vere ferdig til hausten og svarar som Iversen - at variasjonen i arbeidet er kjekt.
Verksemda ved det som no i hovudsak er eit reparasjons- og ombyggingsverft, er langt frå nokon samlebandproduksjon.
– Det er gøy å jobbe med dette. Det er variert arbeid og ein veit aldri kva som skjer. Det er kjedeleg å jobbe med den same tingen om igjen og om igjen, fortel han.

Korona gir uvisse

Lærlingkollega Daniel Andre Berg har vore lærling i snart to år og skal etter planen gjere fagprøva i juni.
– Det er interessant arbeid og vi får prøvd oss på litt av kvart. Eg synest løpet eg har vore gjennom, har vore veldig interessant, men akkurat no står eg mest og øver, fortel Berg.
På grunn av koronapandemien er det for augneblinken uvisst korleis – og når - fagprøve vil skje - men det uroar ikkje ungguten.
– Då får eg litt meir tid til å øve. Eg får uansett ikkje gjort så mykje med det sjølv, seier han.

Les også:



Analyse:



Ein veit aldri kva ein går til og det kjem stadig nye problem som må løysast

Publisert: 21.05.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57