- Det har gått over all forventning, og vi har vorte svært godt mottatt av kommune, bank og andre involverte.
Den tidlegare ingeniøren i Statens Biltilsyn, hoppa i 2014 av jobben han i ti år hadde hatt i Ålesund-selskapet Ålesund Caravan.
- Eg hadde lyst til å starte nokjo sjølv før eg vert for gamal.
- Ein dag køyrde eg forbi Sjøholt og køyrde forbi eit lokale som eg syntest passa godt. Neste dag såg eg i avisa at det var ledig, og eg slo til.
I fjor omsette selskapet for over 45 millionar kroner, i det første heile driftsåret.
- Eg budsjetterte optimistisk med 23 millionar, men det vart nesten det dobbelte.
Selskapet har agentur på Cabe, Adrio og Rapido.
Også 2016 har starta godt.
- Vi har hittil seld for 14-15 millionar kroner, og det før sesongen eigentleg startar.
Snart kan selskapet ta i bruk den nye verkstaden, og vil då ha 1.800 kvadratmeter under tak.
- Spesielt har vi mange frå Romsdal. Sjøholt ligg trass alt nærare Romsdal enn det Ålesund gjer. Plasseringa er ein fordel for oss.
Sunnmøre Caravan har seks tilsette, og Romestrand reknar med at det ikkje vert tilsett fleire med det første.
Han seier at ein hittil ikkje har merka noko til at det er mindre pengar mellom folk flest.
- Av bubilar går det ein god del av dei litt dyrare modellane, men dei fleste ligg mellom 700.000 kroner og ein million kroner.
- Den dyraste campingvogna vi har kostar 696.000 kroner.
- I denne får du med deg det aller meste, seier Romestrand.
Den tidlegare ingeniøren i Statens Biltilsyn, hoppa i 2014 av jobben han i ti år hadde hatt i Ålesund-selskapet Ålesund Caravan.
- Eg hadde lyst til å starte nokjo sjølv før eg vert for gamal.
Det doble av budsjett
Han såg seg om etter lokale i Ålesund, menn fann ikkje noko som var ledig og passa prismessig.- Ein dag køyrde eg forbi Sjøholt og køyrde forbi eit lokale som eg syntest passa godt. Neste dag såg eg i avisa at det var ledig, og eg slo til.
I fjor omsette selskapet for over 45 millionar kroner, i det første heile driftsåret.
- Eg budsjetterte optimistisk med 23 millionar, men det vart nesten det dobbelte.
God start på 2016
Totalt vart det seld 120 einingar fordelt på bubilar og campingvogner.Selskapet har agentur på Cabe, Adrio og Rapido.
Også 2016 har starta godt.
- Vi har hittil seld for 14-15 millionar kroner, og det før sesongen eigentleg startar.
Snart kan selskapet ta i bruk den nye verkstaden, og vil då ha 1.800 kvadratmeter under tak.
Sel til Romsdal
Romestrand seier at kundane ikkje berre kjem frå Sunnmøre, men også frå Romsdal og Nordmøre.- Spesielt har vi mange frå Romsdal. Sjøholt ligg trass alt nærare Romsdal enn det Ålesund gjer. Plasseringa er ein fordel for oss.
Sunnmøre Caravan har seks tilsette, og Romestrand reknar med at det ikkje vert tilsett fleire med det første.
Han seier at ein hittil ikkje har merka noko til at det er mindre pengar mellom folk flest.
- Av bubilar går det ein god del av dei litt dyrare modellane, men dei fleste ligg mellom 700.000 kroner og ein million kroner.
Supervogn
For campinvogner varierer prisane normalt mellom 150.000 kroner og ein halv million.- Den dyraste campingvogna vi har kostar 696.000 kroner.
- I denne får du med deg det aller meste, seier Romestrand.
Eg budsjetterte optimistisk med 23 millionar, men det vart nesten det dobbelte
Publisert: 10.03.2016 09:10
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54






