Statt torsk montasje gustave brun lie rekvika foto statt torsk 11
FULL PRODUKSJON: Dagleg leiar Gustave Brun-Lie har no 840.000 torsk i åtte merder ved Rekvika-anlegget. Selskapet har planar om fleire anlegg i fjorden. Foto: Statt Torsk
Nytt

Full produksjon i Vanylvsfjorden

Statt Torsk-aksjen stig raskt på dagens nyheit, etter hardt medfart i sommar.

Marius Rosbach
05.08.2021

Det børsnoterte selskapet Statt Torsk kan torsdag fortelje at oppdrettsanlegget ved Rekvika i Vanylven er i full drift.

– Etter seks år med småskala pilotprosjekt ved Stokkneset, er Statt Torsk godt i gong med fullskala produksjon ved Rekvika i Vanylsfjorden. Alt har så langt gått etter planen, og vi ventar å kunne levere meir enn 3000 tonn rundfisk hausten 2022, uttaler operasjonsdirektør Leif Ronny Rætta i ei børsmelding.

Blant børsvinnarane torsdag
Statt Torsk blei børsnotert i april i år. Aksjekursen har gått ned i sommar etter eit tilfelle med brå torskedød ved Stokkeneset inst i Vanylvsfjorden.

Torsdag snudde aksjekursen oppover og ved 10-tida var den mellom dagens vinnarar med ein oppgang på 7,6 prosent. Det verdset selskapet til knappe 450 millionar.

840.000 fisk i sjøen
Selskapet har to torskeoppdrettskonsesjonar i Vanylven.

– Dette er ein perfekt lokalitet for torskeoppdrett og vi ser at fisken trivast godt, seier Rætta om anlegget der hjula no er i full gong.

Rekvika-anlegget blei installert i sommar og består av ein fôrflåte og åtte merdar med 840.000 fisk.

– Stegvis igangsetting
Først vart det sett ut 235.000 fisk i sjøen i mars. Den viser god tilvekst og låg dødelegheit. Fisken er no over 700 gram.

I slutten av juli fekk selskapet 600.000 ny settefisk, og mottaking gjekk «utan nokon problem», ifølgje selskapet.

– Ei stegvis igangsetting og auke av produksjonen medfører mindre usikkerheit og risiko, og er ein trygg måte å sikre oppstart av torskenæringa på, seier dagleg leiar og medeigar Gustave Brun-Lie.

Podium

E12/S2 Arne Nore og Roger Hofseth - historia og framtida til norsk oppdrettsnæring.

Mål om seks konsesjonar
Målet til Statt Torsk er å kome opp i seks konsesjonar og slakte 12.000 tonn oppdrettstorsk årleg i løpet av 2025, fortalde Brun-Lie til NETT NO tidlegare i år.

Dei vil ha oppdrettsanlegga i samla i Vanylvsfjord/Rovdefjord-området nord for Stad og slakte og bearbeide torsken hos fiskeforedlingsanlegget til Per Stave as på Stadlandet, i tillegg til slakting hos Henden Fiskeindustri på Averøya.

Publisert: 05.08.2021 10:01

Sist oppdatert: 05.08.2021 10:26

Mer om