Fullteikna Rem emisjon
BÅTKJØP: Lewek Aquarius skal no skifta namn til Rem Aquarius.
Nytt

Fullteikna Rem-emisjon

Investorar frå Singapore, Sør-Europa og Norge er medeigarar i Rem Offshore-satsinga Lewek Aquarius.

03.09.2018
- Vi er godt fornøgde. No har vi ein base med medinvestorar som kanskje også kan vere interesserte i vere med på nye prosjekt seinare.
Det seier Rem Offshore-direktør Fredrik Remøy etter at selskapet hyrte inn Fearnley til å skaffe 75 millionar kroner til PSV-en Lewek Aquarius.

Nodeseismikk

Den Remontowa-bygde PSV-en vart 20. juli kjøpt for 9,25 millionar USD. No skal båten byggjast om til nodeseismikk og klassast ved ST-verftet i Singapore.
Total investering på heile prosjektet er på rundt 17 millionar USD, tilsvarande rundt 150 millionar norske kroner.
Ved verftet skal det mellom anna om bord hangar, helikopterdekk, offshorekran og nodehandteringssystem.
- Båten skal vere klar i midten av oktober, seier Remøy.

Nye prosjekt

Båten har fast tre års fast kontrakt med ein stor internasjonal seismikkaktør.
Rem Offshore skal eige rundt 50 prosent av Lewek Aquarius, og det nye skipseigande selskapet vert organisert som eit dotterselskap under Rem Offshore.
Fredrik Remøy seier at dei frigjorde midlane skal nyttast til nye investeringar.
- Vi ser på fleire spennande prosjekt, og det er muleg vi kjem til å lande noko seinare i haust.

Sju fartøy

Rem Offshore er eigd av Åge Remøy saman med islandske Thorsteinn Mar Baldvinsson og svensk/sveitsiske Magnus Roth. Etter salet av Åge Remøy-kontrollerte Rem Maritime til Solstad/Røkke, satsa trioen 500 millionar kroner for å byggje opp eit nytt større offshoreselskap.
Så langt har selskapet hand om sju båtar, der seks av båtane er overtatt frå Forland Shippingg og Vestland Offshore.
Det sjuande skipet, Lewek Aquarius, er ein 88 meter lang og 18 meter brei PSV med eit dekk på 945 kvadratmeter. Om bord er det plass til 60 personar.

Publisert: 03.09.2018 13:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25