Fusjon mellom Norwegian Group og Most Solutions
FUSJON: Frå venstre Marit Grønseth (avdelingsleiar I&I), Stuart Mackle (VP business development I&I/technical Manager), Morten R. Borøchstein (VP business development I&I), Kay Ove Johansen (president business development & marketing) & Hilde Hånes (avdelingsleiar V&M og HSEQ manager).
Nytt

Fusjon mellom Norwegian Group og Most Solutions

Volda-selskapet Norwegian Group har fusjonert med Kristiansund-baserte Most Solutions.

31.03.2015
Fusjonen vart inngått 1. februar, opplyser selskapa i ei pressemelding tysdag.
Dagleg leiar i Norwegian Group, Per-Bjarne Skarstein, opplyser i pressemeldinga at fusjonen mellom selskapa er av stor betydning for framtidige prosjekt.
- Ei rekkje gode kvalifikasjonar og årevis med erfaring er implementerte og gjer selskapet sin posisjon i marknaden sterkare enn nokon gong.

Boreutstyr

Norwegian Group har hittil satsa på leveransar innan tilkomstteknikk, stillas og NDT (Non-Destructive Testing). Fusjonen gjer at selskapet aukar kompetansen innan integritetstenester, prosjektstyring og inspeksjon av laust og fast boreutstyr.
Most Solutions vart oppretta i desember 2013, med spesialkompetanse innan inspeksjon av boreutstyr. Gründarar av selskapet var Morten Borøchstein og Stuart Mackle, med Marit Grønseth som dagleg leiar.
Etter fusjonen er dei i dag ein del av administrasjonen og det operasjonelle i Norwegian Group, vert det opplyst.

Leverer personell

Norwegian Group opplyser at selskapet har som strategi å levere høgt kompetent personell til inspeksjon, vedlikehald og modifikasjon av utstyr som går frå toppen av eit boretårn og ned til havbotnen, samt utstyr som vert brukt i boreholet.
- Dette har vist seg å vere ein suksessfaktor så langt. Desse suksessfaktorane vert vidareførde inn i dei produkta vi har i samband med teknisk sikkerheit til riggmarknaden, seier Skarstein.
I følgje pressemeldinga kan Norwegian Group no tilby spisskompetanse innan inspeksjon av bore- og subseautstyr, periodisk kontroll av løfteinnretningar og utstyr, samt kompetanse og erfaring innan NDT.

Publisert: 31.03.2015 15:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:43