Får batteripakke i kontainer
Volstad Maritime-skipet Grand Canyon III har fått langtidskontrakt, og får no installert batteripakke.
Det er Norwegian Electric Systems AS (NES) som er tildelt kontrakten for levering av batteripakke og kontrollsystem om bord i konstruksjonsfartøyet Grand Canyon III, opplyser Hav Group i ei pressemelding.
Det 127,5 meter lange og 25 meter breie skipet er blant anna utstyrt med ei 250-tonns offshorekran. Etter oppgraderinga til batteridrift tidleg i 2023 skal fartøyet på ein femårig charteravtale med Helix Energy Solutions.
Før sommaren signerte NES ein tilsvarande kontrakt for Volstad Maritime-skipet Volantis, Her skal batteripakken installerast i eit eige batterirom, men på Grand Canyon III skal pakken installerast i ein kontainer under dekk.
– Å installere batteripakken i ein kontainer kan vere ei svært kostnadseffektiv løysing for fartøy ettersom ein ikkje treng å bygge eit eige batterirom, seier Trond Volstad, prosjektleiar hos Volstad Maritime, i pressemeldinga.
Mange vil ha batteristraum
Salssjef Egil Bremnes hos NES at løysinga inneber at verftsopphaldet kan kortast ned.
– Etterspørselen for ettermontering av batteristraum om bord i offshorefartøy aukar sidan mange reiarar har som mål å redusere CO2-fotavtrykket. Lavare driftsutgifter som følgje av redusert drivstoff-forbruk er ein tilleggsgevinst, seier Bremnes,
Ålesund-selskapet Volstad Maritime er 52,5 prosent eigd av Havila Holding, som også er sterkt inne på eigarsida i NES gjennom Hav Group.
NES har ikkje oppgitt verdien på kontrakten.
Publisert: 08.11.2022 08:24
Sist oppdatert: 08.11.2022 08:50