Norwind skip montasje svein leon aure illustrasjon vard 11
HAVVIND-SATSING: Svein Leon Aure leiar reiarlaget som har planar om å bygge fleire vindskip. Han var tidlegare kommersiell direktør hos Farstad-reiarlaget. Foto/illustrasjon: Marius Rosbach/Vard
Nytt

Får inn dansk fond - og tar snart i mot sitt første skip

Vindkraftsatsinga til tre Ålesund-familiar med ny eigar på laget.

Marius Rosbach
25.05.2022

Norwind Offshore har inngått ein avtale med det danske investeringsfondet Navigare Capital Partners om ein emisjon i reiarlaget.

Fondet spesialiserer seg på maritime investeringar og skal bidra til å bygge opp Ålesund-selskapet til eit leiande reiarlag innan havvind, ifølgje ei pressemelding sendt ut onsdag.

Det blir ikkje opplyst kor mykje dei danske eigarane skal gå inn med.

Tre Ålesund-familiar
Norwind Offshore blei starta i fjor. Reiarlaget bygde på staben frå Sverre Farstad & co, og held til i dei gamle Farstad-lokala på St. Olavs-plass i Ålesund.

I tillegg til Sverre Anders Farstad og Sverre Olav Farstad, var Eivind Volstad og sonen Espen Volstad med på satsinga, begge med bakgrunn frå Volstad Shipping.

Med på laget frå starten var også Kleven-familien gjennom Maren Kleven Fox og Magnus Kleven. Begge er barna til Bunker Oil-eier - og sjef, Jan Magnus Kleven.

Norwind Offshore
ÅLESUND: Sammen om nytt rederi, fra venstre Maren Kleven Fox, Magnus Kleven, Sverre Olav Farstad, Jon Ketil Gjørtz, Sverre Andreas Farstad, Svein Leon Aure, Espen Volstad og Eivind Volstad. Foto: Torbjørn Sandbakk

Første skip ute på prøvetur
Reiarlaget får om kort tid levert sitt første skip Norwind Breeze frå Vard Brattvåg.

I helga var den ombygde PSV-en ute på prøvetur i Romsdalsfjorden etter ei omfattande ombygging til eit serviceskip for vindparkar til havs.

Skipet skal etter det NETT NO kjenner til ut i oppdrag frå juli. Onsdag ligg skipet til kai ved Brattvåg-verftet.

Skal bygge fleire skip
Nybyggingsprogramet inneheld også to nye skip som skal leverast i 2. kvartal 2023 og 3. kvartal 2024.

Begge blir utrusta av Vard-verft i Norge, men det første skroget skal bygges ved Braila-verftet i Romania, det andre ved Vard Vung Tau i Vietnam.

Publisert: 25.05.2022 13:52

Sist oppdatert: 26.05.2022 17:30

Mer om