Norvind Offshore-kontraktar til Vard
Ålesund-reiarlaget bestiller to serviceskip for havvindanlegg.
Det ein fartøyet skal utrustast av Vard Brattvåg, etter at Vard
Braila i Romania har levert skroget. Det andre skal byggjast på
Vard-verftet i Vietnam.
Fartøyet frå Vard Brattvåg skal leverast i 1. kvartal 2024, fartøyet frå Vietnam eitt år seinare.
Skipa er teikna av Vard Design og Vard Elektro skal levere bruløysingane
Pressemeldinga opplyser ikkje kva skipa kostar, men dei to skipa Norwind Offshore bestilte frå Vard i fjor haust og ombygging av eit offshorefartøy for oljebransen til vindkraftbransjen kostar til saman 1,4 milliardar kroner.
Dei to skipa som er bestilt no er ein opsjon til å få bygd fleire skip, som Norwind Offshore hadde i avtalen som blei signert i fjor. Vard byggjer også om eit offshorefartøy for oljebransjen til bruk for vindkraftbransjen, slik at Norwind Offshore no har kontrakt på i alt fem fartøy frå Vard.
"Det er gledelig å se at det nye lokale rederiet er i ferd med å etablere seg som en betydelig aktør i det raskt voksende havvindmarkedet, og ikke minst at de involverer Vard som sin skipsdesigner, skipsbygger og teknologileverandør i denne spennende satsningen.
Prosjektet gir arbeid til våre verft i Norge, Romania og Vietnam. VARDs misjon er å muliggjøre bærekraftige maritime operasjoner, og disse kontraktene er viktige steg i tråd med vår nye strategi.”, skriv Fredrik Mordal Hessen, leiar for Offshore og spesialfartøy hos Vard i pressemeldinga.
Bak Norwind Offshore står tidlegare Farstad Shipping-medeigar Sverre Andreas Farstad og familien, Eivind og Espens Voldstad som som dreiv offshore- og fiskebåtreiarlaget Volstad Shipping og Maren Kleven Fox og Magnus Kleven, barna til Bunker Oil-eigar Jan Magnus Kleven.
Publisert: 14.04.2022 09:30
Sist oppdatert: 31.05.2022 23:25