Faar millionar til aa forske paa smartare batteribruk
BATTERIPAKKE: Havila Foresight er mellom skipa som er fått installert batteripakke om bord. Til venstre batterikontainaren om bord på Havila Charisma.
Nytt

Får millionar til å forske på smartare batteribruk

I enkelte operasjonar kan offshoreskip spare kring 20 prosent drivstoff ved batteribruk. No skal mellom anna Havila Shipping finne ut korleis det kan gjerast betre.

Marius Rosbach
15.12.2020
Eit samarbeidsprosjekt som inkluderer Herøy-reiarlaget Havila Shipping har fått seks millionar kroner i støtte frå Norges Forskingsråd.
Med på prosjektet er også oljeselskapet Equinor, batteriprodusenten Corvus, Institutt for energiteknikk (IFE) og forskningsinstitutt Sintef.

Har fleire års erfaring

Batteri er allereie teke i bruk på ein rekke skip i oljeservicebransjen. Havila sine to skip Havila Charisma og Havila Foresight, som med Equinor, er mellom desse.
Reiarlaget har difor allereie fleire års erfaring med batteridrift, som dei vil dra fordelar av i prosjektet.
– Ved å bruke desse erfaringane og jobbe med data som er samla opp, vil vi sjå kva vi kan gjere for å forbetre både det operasjonelle og teknologien om bord, fortel viseadministrerande direktør Olav Haug Vikebakk i Havila Shipping til NETT NO.

Sparar 20 prosent drivstoff

Han fortel at erfaringane så langt er at offshoreskip med dagens batteripakkar brukar kring 20 prosent mindre drivstoff ved ein typisk DP-operasjon (dynamisk posisjonering, journ. anm.), enn skip utan batteri.
– Spørsmålet er korleis vi kan ta det vidare. Det gjeld både å bruke den energien mest mogleg effektiv og fornuftig, og om vi kan auke kapasiteten ved sjølve batteria, fortel Vikebakk.

– Lågare utslepp og betre klimaavtrykk

Vikebakk er den som skal halde i trådane i det treårige prosjektet. Han viser til at dei ulike partnarane har ulike interesser og kunnskap dei tek med seg inn i arbeidet.
– Førebels har vi ei ope tilnærming til kva prosjektet skal munne ut i, men den raude tråden er sjølvsagt lågare utslepp og betre klimaavtrykk, understrekar han.
Prosjektet er det einaste på Nordvestlandet som fekk støtte i siste runde med tildelingar til innovasjonsprosjekt i næringslivet. I denne siste runda fekk 66 prosjekt til saman 602 millionar kroner, ifølgje ei frå næringsdepartementet.

Les også:




Spørsmålet er korleis vi kan ta det vidare

Publisert: 15.12.2020 13:37

Sist oppdatert: 07.04.2021 21:35