Image ass1
VESTKAPP: Kristina Leknesund Myrseth trur på ein god sesong for restauranten på Vestkapp. Foto: Privat
Nytt

Knallstart på årets sesong

Vegen vart opna i tide til påske. Til restauranten på Vestkapp har det strøymd til med folk.

05.04.2023

– Ja, det har vore ein veldig god start på årets sesong.

Det seier Kristina Leknesund Myrseth, som har drive restauranten på Vestkapp sidan 2018.

1. april var det opning for året, ein sesong som varer til september.

– Vegen vart brøytt, og vi kunne starte opp. Det var bra, for påska er veldig viktig for oss. Om vêret er bra, er her alltid mykje folk.

– Dette er nok den restauranten i Norge som er mest vêravhengig.

Lokale råvarer
Leknesund Myrseth er utdanna kokk, har tidlegare arbeidd ved Hotel Neptun i Bergen, men har flytta til Selje.

I sin eigen restaurant satsar ho på lokale råvarer frå Nordfjord.

– Vi har oksekjøt frå Drage, klippfisk frå Stave, egg frå Beitveit på Leikanger, bær frå Bare Bær i Borgundvåg og øl frå Kinn Bryggeri.

I lokala på Vestkapp er det sitjeplassar til 45.

– Normalt er det nok, men det vert litt trangt når det kjem bussar med cruiseturistar.

20230402 150238 1
RESTAURANT: Kristina Leknesund Myrseth er utdanna kokk, men hjelper også til med serveringa ved restauranten. Foto: Kjetil Haanes

Vil ha lengre stopp
Akkurat cruiseturistane håper ho kan stoppe lenger enn dei gjer i dag.

– Ofte er dei her i rundt ein halvtime, tek bilder og brukar toaletta, så det er ofte meir arbeid enn inntening for oss. Men vi har god dialog med turoperatørane, og håper snart å få til eit betre opplegg.

Vestkapp restaurant er eigd av Vestkapp Holding, der Liv Ingrid Koller-Borg og Olav Refvik kvar eig 45 prosent av aksjane, medan driftsselskapet bak Vestkapp restaurant er Storm på Stad, med Leknesund Myrseth som hovudaksjonær.

Fleire planar
Kristina Leknesund Myrseth seier at drifta går stadig betre.

– Vi fekk pandemien i fleisen, men etter det har det gått rett veg. I år trur vi på eit godt år.

Vestkapp Holding har fleire planar for utvikling av reiselivstilbodet i nærområdet, men fekk nei til planane om å setje opp poddar på Stadplatået i 2020.

– Det er mykje anna spennande på gang, seier Leknesund Myrseth.

Publisert: 05.04.2023 10:59

Sist oppdatert: 05.04.2023 11:11

Mer om