Cecil Elisabet Nerbø Opplev Runde Foto Marius Rosbach
RUNDE: Cecil Elisabet Nerbø er dagleg leiar i Opplev Runde som driftar besøkssenteret, turistinformasjon og overnattingstilbodet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Etablerer verkstad og pakkeløysingar for lokalt reiseliv

– Betyr mykje for oss som er små, seier dagleg leiar i Opplev Runde. Ventar godt besøk i sommar.

Marius Rosbach
08.05.2023

Besøkssenteret og overnattingsverksemda på Runde Miljøsenter er mellom dei som har sett fram til etableringa av ein ny verdiskapingslab for reiselivet på søre Sunnmøre.

– Det å få hjelp og kompetanse utanfrå til å hjelpe oss betyr mykje for oss som er små. Vi har ikkje eit stort salsapparat, eller eige marknadsavdeling som jobbar med å få folk til å kome hit, fortel Cecil Elisabet Nerbø som er dagleg leiar i Opplev Runde.

Prosjektet som førre veke fekk støtte på ein halv million frå Møre og Romsdal fylkeskommune, skjer i regi av Destinasjon Ålesund & Sunnmøre. Målet er mellom anna å videreutvikle produkt til å fungere som samansette pakkeløysingar saman med dei andre reiselivsbedriftene som er med.

Ved at besøkande til regionen får hjelp til å sette saman rundreiser, håpar reiselivsbedriftene at turistane skal bli lengre i deira region.

Vårt produkt åleine er ofte ikkje nok til å folk blir her i fleire dagar
Cecil Elisabet Nerbø

Kan utfylle kvarandre
Kring 100 bedrifter har vore med på ulike reiselivsprosjekt på søre Sunnnmøre dei siste åra, og prosjektet byggjer vidare på desse, ifølgje saksutgreiinga.

Runde Miljøsenter har vore med på fleire av dei tidlegare prosjekta, og synes det er spesielt spennande at Ørsta og Volda er kopla på. Nerbø trur tilbodet i havgapet i Herøy og fjordkommunane kan utfylle kvarandre godt.

– For oss handlar det mykje om nettverksbygging og vi har funne gode samarbeidspartnarar. Vårt produkt åleine er ofte ikkje nok til å folk blir her i fleire dagar, fortel Nerbø.

Skal møtest til verkstadsamlingar
Verdiskapingslabben som er ein del av reiselivsprosjektet, blir gjennomført som ein verkstadmodell for mindre grupper og tre årlege samlingar.

– Verdiskapingslabben skal legge til rette for eksperimentering og tilpassing med ønska resultat at det blir utvikla eit vidare spekter av opplevingar, heiter det i saksutgreiinga.

Tilskotet frå fylkeskommunen på ein halv million kroner, utgjer ein firedel av kostnadane. Kommunane skal også bidra med pengar, saman med reiselivsselskapet Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.

Verksemda delt i to
Verksemda på Runde Mljøsenter er delt i to selskap. Runde Forsking, tek seg av det vitskaplege arbeidet, medan Opplev Runde driftar besøkssenteret, turistinformasjon og overnattingstilbodet.

I tillegg legg dei til rette det praktiske med servering og anna, ved arrangement som det årlege Rundesymposiet.

– Vi har masse bookingar
Opplev Runde siktar seg inn mot mindre grupper og enkeltreisande, som ønsker å ha eit kvalitetstilbod. Samtidig får dei ein del trafikk innom turistinformasjonen.

Nerbø fortel at dei ventar godt besøk i sommar.

– Vi har masse bookingar, og det er klart at folk er sugne på tur. Det er mykje overnattingsgjestar og mange går turar.
Vi har flinke naturrettleiarar som tek med folk både til fjell og fjøre, for å lære gjestane om naturen. Det er viktig for oss å ha ei kopling opp mot forskinga, legg ho til.

Ut frå bestillingane, er utlendingane tilbake for fullt i år.

– Vi har mange utlendingar som bestiller turar, og dei er gjerne svært naturinteresserte og har Runde og lundefuglen på «bucketlista», avsluttar Nerbø.

Dei er gjerne svært naturinteresserte og har Runde og lundefuglen på «bucketlista»
Cecil Elisabet Nerbø

Publisert: 08.05.2023 13:12

Sist oppdatert: 08.05.2023 20:25

Mer om