Microsoft Teams image 1
DELVIS LUKKA: Oppdrettsanlegget Evotec skal utruste er eit delvis lukka oppdrettsanlegg. Innfelt til venstre salsjef for opprettsmarknaden i Evotec, Geir Henning Kalvatn, til høgre prosjektleier Bjarne Johansen i Nordlaks. Illustrasjon/foto: Evotec
Nytt

Oppdrettsanlegg-kontrakt til Entec

Skal levere til delvis lukka oppdrettsanlegg.

28.04.2022

Entec i Ulsteinvik skal teikne og levere nothandteringsutstyr til eit delvis lukka oppdrettsanlegg som skal byggast for oppdrettselskapet Nordlaks.

Utstyret omfattar mellom anna 16 vinsjar som skal brukast til å heise opp nota i anlegget. Nøtene skal leverast av Måløyselskapet Selstad.,

- Vi har lukkast godt den siste tida med fleire nye kontraktar, seier salssjef for oppdrettsmarknaden i Evotec, Geir Henning Kalvatn, i ei pressemelding.

Oppdrettsanlegget er ein delvis lukka anlegg med stålveggar ned til 20 meter og nøter i botn. Det skal byggast hos verftet Gemak i Tyrkia.

Poenget med å bygge anlegget med tette veggar er å hindre angrep av lakselus.

Publisert: 28.04.2022 16:32

Sist oppdatert: 29.04.2022 09:49

Mer om