Nye Polarbris Ill Karstensen Skibsværft
NYTT FISKEFARTØY: Ålesund-reiarlag får levert nytt snurrevarfartøy frå det danske verftet neste år. Illustrasjon: Karstensen Skibsværft
Nytt

Nok ein fiskerikontrakt til Evotec

Skal levere vinsjepakke til Ålesund-reiarlag.

Marius Rosbach
02.03.2022

Entec-selskapet Evotec melder onsdag om kontrakt på ein komplett vinsjepakke til eit nytt snurrevadfartøy Ålesund-reiarlaget Polarbris har under bygging.

Den 43,5 meter fiskebåten skal leverast frå Karstensen Skibsværft i Danmark i 2023.

Leveransen frå Evotec inkluderer alle vinsjar for tråling, snurrevad og fortøying. I leveransen inngår også «Evotec MultiSoft Flyshoot» som skal gjere fisket meir kontrollert under krevjande forhold.

Verdien på Evotec-avtalen blir ikkje opplyst. Selskapet med hovudkontor i Ulsteinvik har sikra seg ein rekke nye kontrakter innan fiskeri det siste året.

Nye Polarbris er ei litt større utgåve av eit fartøy som verftet allereie var i gang med for eit anna reiarlag nordpå.

Reiarlaget fekk levert nybygget Atlantic i 2020, som blei sett i fiske same år.

Reiarlaget Polarbris og reiarlaget Atlantic Longline, som eig line- og snurrevadfartøyet Atlantic, er søsterselskap i Atlantic Seafish-konsernet i Ålesund.

Publisert: 02.03.2022 21:08

Sist oppdatert: 02.03.2022 21:21

Mer om