Stressless montasje roger lunde jazz foto ekornes 11
FØRSTE MED DESIGNPRIS: Stressless Jazz, teikna av Jan Lade, vart den første av Stressless-modellane som fekk pris for god design. I haust har konsernsjef Roger Lunde og dei andre tilsette feira suksessen med kvilestolen. Foto: Ekornes/Bent Tandstad-NPK
Nytt

Første Stressless med designpris

Etterspurnaden har aldri vore større, men kvilestolen vart ingen umiddelbar suksess. Les historia om 50-årsjubilanten.

22.10.2021

(NPK-Bent Tandstad): I år er det 50 år sidan kvile- og TV-stolen Stressless kom på marknaden. Over 10 millionar stolar er leverte sidan 1971, og etterspurnaden har aldri vore større enn i jubileumsåret.

Ved den hypermoderne hovudfabrikken til Ekornes på Ikornnes i Sykkylven i Møre og Romsdal, spesialbygd for Stressless-produksjon, produserer dei rundt 1000 tilsette til saman 1300 Stressless-stolar per dag. 93 prosent går til utlandet. USA og Sentral-Europa er dei største marknadene.

Fabrikken ligg fint til ved sjøen, med mektige fjell og tindar kneisande rundt på nesten alle kantar. Han strekkjer seg utover eit stort areal, og det er planar om ytterlegare utvidingar. Og naturen rundt er ein viktig del av marknadsføringa av Stressless-kolleksjonen.

Produksjonen er straumlineforma og effektiv. Det er utstrekt bruk av robotar, som gjer det meste av det reine rutinearbeidet. Lokala er luftige og lyse, med store vindaugsflater ut mot den storslåtte naturen.

To gonger i veka legg store konteinarskip til kai ved fabrikken og tek med seg dei populære stolane ut i verda. Berre stolane som skal til den skandinaviske marknaden blir frakta landevegen.

Kva er løyndomen bak den eventyrlege suksessen?

– Stress var nytt
Møbelhistorikar Eldar Høidal, som også har skrive bok om Ekornes, meiner det ikkje er éin enkeltfaktor som har skapt suksessen. Her er det mange som har jobba på lag i mange år, og det var eit møbel tilpassa folks behov for avslapping i TV-alderen.

Han nemner også sjølve namnet Stressless som ein viktig suksessfaktor. Det var den dåverande reklamesjefen Erling Ekornes, ein av nevøane til grunnleggjaren Jens E. Ekornes, som kom på namnet. Han jobba tett opp mot dei som utvikla stolen, og namnet var klart i god tid før stolen var ferdig.

– For 50 år sidan var dette med stress noko nytt. Det hadde litt status å ha ein jobb som var så viktig at ein vart stressa. Og dei som var stressa, hadde behov for å stresse mindre, så slik var namnet Stressless midt i blinken, seier Eldar Høidal til Nynorsk pressekontor.

Elles peikar han på det trinnlause systemet som regulerer ryggen frå normal sitjestilling til ein posisjon som nærmast er vassrett. Slik vart Stressless den første kvilestolen der ein kunne sove middag, men også sjå på TV eller lese avisa.

Dette vart utvikla av designgruppa Møre Designteam, ogm det var trioen Svein Asbjørnsen, Jan Lade og Svein Leirdal som på oppdrag frå Ekornes greidde å få til det trinnlause systemet som har vore så viktig for suksessen til kvilestolen.

I løpet av 1960-talet skaffa også dei fleste nordmenn seg fjernsynsapparat, men dei tradisjonelle møblane var ikkje tilpassa at heile familien skulle sitje og sjå TV. Dette var i ein periode med økonomisk vekst og velstandsauke år for år, og på 1970-talet fekk også nordmenn flest råd til å skaffe seg møblar tilpassa den nye mediekvardagen.

Ingen umiddelbar suksess
Stressless vart ingen umiddelbar suksess.

- Mange var skeptiske til ein stol med synleg blankt stål. Dette var ei tid då det meste skulle vere brunt. Men litt etter litt byrja folk å få sans for nyvinninga. Frå 1975 var Stressless ein stor suksess, seier Eldar Høidal.

Han fortel at også designmiljøet var lite begeistra for Stressless i starten. Mange meinte at stolen var for klumpete, litt harry, eit møbel folk kjøpte for å sitje godt mykje meir enn fordi stolen såg bra ut.

Stressless fekk faktisk ikkje utmerking for design før med modellen Jazz i 2006, ein modell som Jan Lade stod bak. Han jobba på den tida i designavdelinga til Ekornes.

– Det er likevel litt artig at dei første Stressless-modellane, Original og Global, i dag er sterkt etterspurde av designinteresserte. Så her har det skjedd noko på vegen, smiler Høidal.

Karismatiske Ekornes
Ein av dei mest markante leiarane for Ekornes-konsernet, Jens Petter Ekornes, brydde seg lite om at mange designarar ikkje likte Stresslessen. Han var oppteken av at møbelet først og fremst skulle vere komfortabelt.

Den karismatiske leiaren gjorde ein stor innsats med å selje inn den nye stolen til møbelforretningane etter den litt treige starten. Han hadde gått gradene i bedrifta frå han var tenåring og var på denne tida salssjef i selskapet. I 1979 tok han over som konsernsjef. Han trekte seg tilbake i ti år seinare, men vart konsernsjef igjen i 1990 då han leidde selskapet gjennom ei sterk atterreising etter at det såg stygt ut ei stund.

Han sat som konsernsjef fram til 2002. Han døydde i 2008.

– Eg hugsar han sa at dei laga møblar som var gode å sitje i, og ikkje slike Høvikodden-greier der utsjånaden var det viktigaste. At bedrifta skulle leve av det vanlege folk ville ha, minnest Eldar Høidal.

Exellent comfort
Content manager ved Ekornes, Jens Arne Bonesmo, stadfestar at komforten framleis er viktig i marknadsføringa av både Stressless-stolane og dei andre produkta i Stressless-serien. I dag omfattar Stressless både sofaer, matstovemøblement, lenestolar og heimekontor. Og snart kjem også Stressless utemøblar.

Ekornes har lenge brukt «The Innovator of Comfort» - oppfinnaren av komfort - i den internasjonale marknadsføringa si. I år er det blitt «50 Years of exellent Comfort» - 50 år med eksklusiv komfort.

Bonesmo kan fortelje at ein viktig del av marknadsføringa av Stressless i utlandet, er at bedrifta berre brukar 100 prosent rein energi i produksjonen.

– Her i landet er det sjølvsagt at vi brukar berre vasskraft. Men andre stader i verda, ikkje minst i USA, betyr det mykje at vi berre nyttar energi utan utslepp. Berekraft blir stadig viktigare, vi merkar at det er eit krav frå publikum, seier han.

I det fenomenet Stressless har starta på ferda si frå 50 til 100 år, ser situasjonen for både Ekornes-konsernet og merkevara Stressless lys ut. Aldri har ordrereservane vore større, og det er behov for meir arbeidskraft for å få nok stolar ut til den store verda.

Koronarestriksjonane er oppheva, og no er det også tid for feiring. Det starta med kakefest for alle tilsette tidlegare i haust, og det blir fleire markeringar framover.

(©NPK)

Podium

E5/S1 Håvard Sætre og Olav Holst-Dyrnes om Internasjonalt eigarskap

Publisert: 22.10.2021 16:33

Sist oppdatert: 22.10.2021 17:22

Mer om