Foerste tillitsvald samling etter kjoepet
MØTTE SJEFEN: Representantar for fagforeininga i Brattvåg i samtale med konsernsjef Geir Håøy (med ryggen til) etter Håøys tale til dei tilsette i Brattvåg tysdag 2. april. Frå venstre Marie Longvastrand (Negiotia), Ander Leine (Nito), Aleksander Nedrevold (FLT), Børge Solem (FLT), Åge Pettersen (Fellesforbundet) og Arild Walderhaig (Lederne).
Nytt

Første tillitsvald-samling etter kjøpet

Tillitsvalde frå heile den tidlegare marinedivisjonen til Rolls-Royce samlast i neste veke. Møter Kongsberg Maritime-sjefen og nye fagforeiningskollegaer.

05.04.2019
Møtet er det første etter at Kongsberg Gruppen tok over eigarskapen til Rolls-Royce Marine og resten av marinedivisjonen i Rolls-Royce.
Samlinga i Ålesund skal gå over to dagar.
Dit kjem også Egil Haugsdal, som er leiar for Kongsberg Maritime, som den tidlegare marinedivisjonen til Rolls-Royce no er ein del av. Haugsdal har også med seg fleire frå leiargruppa.
Også tillitsvalde frå Kongsberg Gruppen er invitert.

Første sjanse

Før Kongsberg Gruppen formelt tok over 1. april var det svært begrensa kva tillitsvalde og leiinga i dei to bedriftene kunne snakke om. Møtet i neste veke er første sjansen til å diskutere og informere fritt, innan eitt selskap.
Arild Walderhaug, som representerer fagforeningen Lederne og var de Rolls-Royce Marine tilsette sin representant i Rolls-Royce-konsernet, seier møtet i neste veke mellom anna blir brukt til å informere og bli kjent.
Merksemda i starten blir retta mot samordninga av dei to tidlegare verksemdene. Å samle fagforeiningane og samle seg om eit felles avtaleverk vil først vere i mål neste år, anslår han.

Måtte vente

Det tok over åtte månader frå Kongsberg Gruppen fekk tilslaget i bodkampen om å kjøpe marinedivisjonen til Rolls-Royce til selskapet fekk ta over.
Tysdag 2. april besøkte toppsjef Geir Håøy i Kongsberg Gruppen alle dei tidlegare Rolls-Royce-anlegga på Sunnmøre. Dagen etter var det anlegga i Bergens-området sin tur.

I løpet av denne og neste veke er målet at alle anlegg verda over, i den tidlegare marinedivisjonen til Rolls-Royce, skal få besøk av representantar frå leiinga i Kongsberg Gruppen.
Håøy har sett fram til å ta over.
- No kan vi gå inn på alle nivå og begynne å begynne å prate om forretningsbiten, sa han etter turneén på Nordvestlandet.
Han er oppmuntra etter å ha møtt over 1000 tilsette på Sunnmøre i løpet åtte timar og tre ferjeturar.
- Eg er veldig fornøgd. Eg føle at det er god stemning, mykje glede, med fornøgde menneske, seier Håøy.

Topp to

Walderhaug har vore tilsett i Brattvåg sidan 1987 og opplevd fleire eigarskifte, frå Hydraulik Brattvåg, via Ulstein, Vickers og til Rolls Royce.
Når han rangerer stemninga ved dei ulike eigarskifta set han Kongsberg Gruppen og Rolls-Royce sitt inntog som dei to på topp.
Trass i ein meir hierakisk organisasjon og ein leiarkultur som skil seg frå den norske, rosar Walderhaug Rolls-Royce, sett frå eit tillitvald-synspunkt.
Når det først blei klart at Rolls-Royce ville selje så er er den almenne oppfatninga at det var best at det var Kongsberg Gruppen som tok over, i følgje Walderhaug.

Publisert: 05.04.2019 11:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33