Glad for støtte til krisetiltak for verfta
Ap støttar fleire forslag frå maritim bransje, som kan hjelpe nybyggingsverfta til å få fleire oppdrag.
Arbeidarpartiet støtter fleire av forslaga som er lagt fram av mellom anna Maritimt Forum, og som kan hjelpe dei store verfta ut av krisa.
Det kom fram då toppkandidatane i Møre og Romsdal, Per Vidar Kjølmoen og Åse Kristin Ask Bakke, tok turen til Ulstein Group tysdag.
– Vi trur dette er veldig viktig. Det er også ein viktig del av dei totale rammevilkåra som må til for at maritim sektor, og eigentleg heile det konkurranseutsette næringslivet i Møre og Romsdal, skal kome styrka ut av denne situasjonen vi står i no, sa Kjølmoen.
Listetoppen påpeika at han og Bakke hadde jobba mykje internt i partiet for å få gjennomslag. Ap seier no ja til å støtte både ei storstilt ombygging av offshoreskip for at de skal bruke mindre fossilt drivstoff – og betre garantiordningar for skipsverfta.
Les også
Treng optimale løysingar for å konkurrere
Nyheita om støtte frå Ap fall i god jord hos konsernsjef Cahtrine Marti i Ulstein Group.
– Vi seier tusen takk til alle politiske parti som vil støtte dei tiltaka som er ønska i vår industri, sa Marti.
Verfta opplevde først at marknaden for bygging av offshorefartøy forsvann, og deretter blei etterspørselen etter mindre cruisefartøy punktert som følgje av koronapandemien.
– Dette med garantiordninga dreier seg om å ha så optimale løysingar som mogleg, for å sikre at vi kan ta dei kontraktane som er der ute og at vi kan konkurrere med andre aktørar, sa konsernsjefen.
Ho understreka at dei store verfta er avhengig av at nokon hjelper dei i ei tung periode. Her trur ho at ombygging av offshoreskip kan vere med å bidra.
Les notat med dei to forslaga her (ekstern lenke)
Venter på fleire parti
Også dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest var glad for at representantane frå Møre og Romsdal hadde fått gjennomslag for Ap-støtte til forslaga som også Norsk Industri står bak.
– Vi ventar på at fleire parti også skal gjere det, slik at vi kan få eit fleirtal og vedtak i samband med revidert budsjett i juni. Dette er ein bra dag for maritim næring, sa Ingjerd.
(saka held fram under)
Ei ombygging av 100 offshoreskip til lågare utslepp kan gi store ringverknader og ombygging av berre eitt skip vil truleg utløyse kring 1000 arbeidstimar ved eit verft.
Samla er det anslått at ombygging av 100 skip kan gi arbeid til kring 2000 årsverk i maritim bransje.
Kan koste 2,5 mrd.
Prislappen for ombygging av 100 skip er anslått til 2,5 milliardar kroner. Per Vidar Kjølmoen (Ap) ville ikkje binde seg til noko tal tysdag.
– Vi må kome tilbake til summane. Men om ei slik ordning skal ha effekt og påverke bransjen i heile Norge, så snakkar vi iallfall ikkje om eit tosifra tal millionar, sa Kjølmoen til NETT NO.
Det er viktig å starte no, fordi tida er ein knapp for næringa
Han påpeiker at handlingsrommet er mindre når stortingsfleirtalet skal bli samde om revidert statsbudsjett, enn det vil vere under vanlege budsjettforhandlingar.
– Eg trur likevel det er viktig å starte no, fordi tida er ein knapp for næringa, sa han.
Fond for resirkulering: – Interessant forslag
Førre veke blei det også lansert eit forslag om eit større fond for resirkulering av skip frå maritim bransje.
Frp har allereie varsla at dei vil ta opp dette tiltaket i revidert budsjett. Også Kjølmoen og Ap vil sjå nærare på ideen.
– Arbeidarpartiet synes dette er eit interessant forslag og som vi vil kikke på, men vi må gå grundigare inn på innretninga, sa Kjølmoen.
Kjølmoen påpeiker at eit fleirtal for krisetiltak for bransjen – som ikkje inkluderer regjeringa – må gå via Ap, Frp og Senterpartiet.
– Men om det er mogleg å komme til ein avtale på desse sakane mellom desse tre partia, er for tidleg å seie, la Kjølmoen til.
Publisert: 16.03.2021 16:49
Sist oppdatert: 06.07.2021 08:14