Ulstein verft olsen marti kjølmoen ingjerd bakke 11
MOTVIND: Nyleg bad Ap-politikarar inn til pressetreff ved Ulstein Group sitt hovudkontor for å be om tiltak for dei store verfta. Så langt har det vore lite krisehjelp direkte retta mot den maritime industrien langs kysten. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Analyse: Fleire teikn til at motvinden snur

Om ein leitar litt, er det fult mogleg å finne grunnar til å tru at den maritime klynga kan sjå lyst på framtida allereie til hausten.

Marius Rosbach
06.04.2021

KORONA-KONSEKVENSANE:

Det har vore eit år der det har vore mykje motvind for den maritime klynga på Nordvestlandet.

Sidan oljeprisen stupte i kjølvatnet av den globale koronanedstenginga har mellom anna bestilling av nye cruiseskip blitt sett på hald. Dette er tonnasje som skal sørge for at dei store nybyggingsverfta endeleg får overskott, etter fleire blytunge år som følgje av den førre oljenedturen i 2014-2017.

Dette er 11. artikkel i ein serie der NETT NO ser på konsekvensane av pandemien. Les dei andre under

Dei fleste verfta har framleis arbeid, men ordrebøkene blir stadig meir slunkne. Samtidig blir nybygga dei no har inne, påført ekstrautgifter som følgje av smitteverntiltak. For leverandørane har dei same smitteverntiltaka, saman med reiserestriksjonar, ført til forseinkingar og ekstrautgifter.

At pandemien har senka etterspurnaden etter olje gjer at det truleg kan ta minst eitt år med relativt stabil oljepris, før optimismen kjem tilbake til kontora til offshorereiarlaga, skreiv NETT NO i ein kommentar om korona-konsekvensane for få dagar sidan. Det gir lite håp om noko betydeleg draghjelp med ny aktivitet frå den kanten med det første.

I løpet av det siste året har representantar for dei maritime næringane kome med ein rekke ønsker om krisehjelp. Alt frå eigen maritim kontantstøtteordning og endring av skattereglane, til framskunding av militære fartøy og fond for resirkulering av offshoreskip, er lagt på bordet.

Svara frå regjeringa har så langt ikkje stått i stil til milliardløftet næringa har ønska seg. Mange bedrifter har nytt godt at generelle ordningar, men det har vore lite i kroner og øre direkte retta mot den maritime industrien langs kysten.

(saka held fram under)

Vard langsten iselin nybø linda hofstad helleland 11
KRISEHJELP: To statsrådar kom til Vard Langsten i fjor vår for å legge fram regjeringa si krisehjelp til dei maritime næringane. Bransjen sjølv var ikkje imponert. Foto: Marius Rosbach

Bransjen har samtidig hatt ei vanskeleg pedagogisk oppgåve når dei skal beskrive kor ille det står til. For trass i dei mange utfordringane, er det gode tider i delar av bransjen. Skipsbyggingsbransjen er delt i to var oppsummeringa i NETT NO-magasinet mot slutten av fjoråret.

På Nordvestlandet har Aas Mek Verksted og Larsnes Mek Verksted mykje jobb takka vere boom i brønnbåtbygginga. Vegsund Slip og Fiskerstrand Verft klarar seg godt på ombygging og vedlikehald, medan Myklebust Verft har hatt det travelt med både nybygg og ombygging til brønnbåt, fiskeri og offshore. Også ei viktig leverandørbedrift som Kongsberg Maritime, rapporterer betre tall enn i fjor.

I Ulsteinvik kan nok situasjonen sjå mørk ut for tida. Green Yard Kleven kjempar med å stable på beina eit slagkraftig verft etter konkursen i fjor. Og Ulstein Group er midt i ei ny runde med oppseiingar. Når verftet har levert det store kabelskipet som ligg til kai, er ordreboka tom.

Men så seint som i fjor haust håpte leiinga i Ulstein Group at drifta skulle gå i pluss for første gong etter dei tunge åra med omstilling. Vard kunne i haust også melde om ei drift i balanse. Samtidig verkar ikkje eigarane i Fincantieri vere skremt av tapa så langt. I februar fekk Vard-konsernet eit nytt milliardlån av eigarane - som indirekte er den italienske staten. Vard har også sikra seg nye oppdrag i løpet av koronaåret, samtidig som dei snart skal i gong på kjempeprosjektet med dei nye kystvaktskipa på Langsten.

(saka held fram under)

Podium

E10/S2 Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand om GIEK / Eksportkreditt Norge og framtida til norsk eksport

Maritim bransjesjef Lars Gørvell-Dahll i Norsk Industri ser fleire lyspunkt.

Noko av det avgjerande er at ingen cruisekontraktar er kansellert. Og når verdssamfunnet opnar opp for reising att, vil truleg mindre cruiseskip vere blant dei mest attraktive. Det er ein fordel for norske verft, som har satsa i den marknaden.

Det andre som gjer at Gørvell-Dahll ser lysare på framtida enn på lenge, er at vaksineringa har skote fart. Han påpeikar at dei eksportretta maritime næringane er avhengige av at verdsmarknadene opnar opp att.

– Med eit vaksinepass i lomma, kan våre seljarar og servicefolk reise ut og få nye ordrar, er hans håp.

Eg ser ikkje vekk i frå at når vi samlast til verftskonferanse i november, så vil Covid-19 verke som eit blaff
Lars Gørvell-Dahll

Norges Bank anslår at arbeidsplassar og butikkar vil vere heilt fritt for smitteverntiltak frå september, deretter restaurantar og barar frå november – medan det vil vere nokre smitteverntiltak på reiser internasjonalt og arrangement ut året.

Den maritime bransjesjefen har håp om det vil gå raskare.

Ein meir langsiktig konsekvens av pandemien, som Lars Gørvell-Dahll meiner kan vere positiv for den maritime industrien, er at behovet for auka nasjonal beredskap gir meir aksept for å «tenk norsk». Han trur både reiarlag og staten vil ha meir fokus på at skip og utstyr skal vere kjøpt nasjonalt, og kan drivast utan å vere avhengig av andre land.

– Spesielt ved statlege innkjøp bør beredskap vere eitt av kriteria det leggast vekt på, meiner han.

(saka held fram under)

Lars gørvell dahll 11
VERFTSKONFERANSE: Når Lars Gørvell Dahll og Norsk Industri ber inn til verftskonferanse i Ålesund i starten av november, håpar han at ting ser lysare ut for maritim industri. Foto: Marius Rosbach

Samtidig som Norsk Industri jobbar for bedriftene som opplever utfordringar, får bransjesjefen meldingar om at ting er i ferd med å røre på seg. Skipskonsulentane som er mellom dei første i den maritime verdikjede, fortel om god aktivitet. Sjølv store verft i regionen skal vere i gang med svært interessante prosjekt.

– Nyleg fekk Meyer-verftet i Tyskland ordrar på to nye cruiseskip. Vi håpar at det er eit teikn på at vi er på veg tilbake til normalen. Eg ser ikkje vekk i frå at når vi samlast til verftskonferanse i november, så vil Covid-19 verke som eit blaff, er Gørvell-Dahll si optimistiske konklusjon.

Berre ein ting er sikkert per no: At mange i regionen vil glede seg om han får rett.

Dette er 11. artikkel i ein serie der NETT NO ser på konsekvensane av pandemien. Les dei andre under

Publisert: 06.04.2021 05:55

Sist oppdatert: 15.04.2021 12:08

Mer om