Erna solberg mai 2021 foto npk ntb 11
GRENSEKRYSSING: Statsminister Erna Solberg (H) seier at det kan bli mogleg både for norske og utanlandske statsborgarar å krysse grensene med koronasertifikat. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Nytt

Første versjon av koronasertifikatet klart

Opnar for deltaking på offentlege arrangement, cruise og pakkereiser.

05.05.2021

(NPK-NTB-Eirik Husøy): Regjeringa har førebels ikkje full oversikt over kva eit koronasertifikat skal kunne brukast til, men opnar for at det kan brukast mellom anna til arrangement.

Regjeringa sender onsdag eit lovforslag på høyring for å leggje til rette for meir utstrekt bruk av koronasertifikat. Ei fullstendig liste over alt eit slikt koronasertifikat kan brukast til, er førebels ikkje klar.

– Vi er samde med råda vi har fått frå helsestyresmaktene om at koronasertifikat kan brukast for å ha større offentlege arrangement, cruise og pakkereiser. Regjeringa har likevel større ambisjonar for bruken. Vi vil til dømes òg vurdere om sertifikatet kan brukast lokalt der det er strengare reglar enn dei nasjonale. Det er mange spørsmål som må avklarast før vi endeleg konkluderer, seier statsminister Erna Solberg (H).

Fakta om koronasertifikat

  • Eit koronasertifikat kan vise vaksinasjonsstatus, negativt testresultat og eventuell immunitet etter gjennomgått koronasjukdom.
  • Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet, Norsk helsenett og Direktoratet for e-helse har fått i oppdrag å utvikle eit koronasertifikat her til lands.
  • Arbeidet går langs to hovudaksar: Den eine er dei tekniske løysingane, og den andre er korleis ein skal bruke det i praksis og vurderingar rundt det.
  • I første omgang blir det vurdert om sertifikatet vil gi vaksinerte andre moglegheiter enn uvaksinerte i Noreg. Sertifikatet er nemnt i trinn 3 av gjenopningsplanen.
  • Etter kvart vil det òg mellom anna kunne få betyding for utanlandsreiser, til dømes med tanke på karantene. Detaljane rundt eit såkalla grønt sertifikat blir framleis diskutert i EU.
  • Det er lagt opp til trinnvise leveransar frå helsestyresmaktene i landet når det gjeld sertifikatet:
  • – 4. mai 2021: Første versjon av Koronasertifikat basert på eksisterande dataflyt og grensesnitt (visning i ei løysing)
  • – 12. mai 2021: Verifiserbar versjon av koronasertifikatet (dvs. innehalde e-signatur og QR-kode)
  • – 1. juni 2021: Støtte for informasjon om immunitet. Utskiftbart og digitalt framvisbart sertifikat for tidlegare positiv test
  • – 22. juni 2021: Første versjon av koronasertifikat i tråd med alle EU krav i Digital green pass

Kjelder: Helsedirektoratet , Folkehelseinstituttet , EU

(©NPK)

Første versjon klar
Eit koronasertifikat skal på ein sikker måte kunne dokumentere namn og fødselsdato, om du har fått vaksine, om du nyleg har fått ein negativ test og om du er immun etter å ha hatt korona. Sertifikatet kan brukast til å opne samfunnet meir og tidlegare, opplyste Solberg på ein pressekonferanse onsdag.

Den første versjonen av sertifikatet er no klar, men vil bli vidareutvikla for å bli sikrare, betre og kunne brukast til meir. Arbeidet går langs to hovudaksar: Den eine er dei tekniske løysingane, og den andre er korleis ein skal bruke det i praksis og vurderingar rundt det.

Kan truleg reise til Europa i juni
Debatten går framleis i EU om korleis eit koronapass skal brukast, til dømes om ein kan unngå karantene ved innreise til ulike europeiske land.

Så lenge det ikkje er vedteke kva reglar som gjeld i Europa, vil det avgrense òg eit norsk koronapass i utlandet i ei tid framover. Ifølgje planane vil ein fullverdig versjon i tråd med EUs regelverk vere klar seint i juni.

Men Solberg sa at regjeringa vurderer bruk av koronasertifikat for reising i EU før den felles europeiske løysinga er på plass. Dermed kan nordmenn truleg reise til stader i Europa allereie tidlegare i juni.

(©NPK)

Publisert: 05.05.2021 14:00

Sist oppdatert: 05.05.2021 14:11

Mer om