Gaar fraa finsk til norsk eigarskap
GJERDSVIKA: Hos Maritim Food i Gjerdsvika er det rundt 40 tilsette. Dei kan no få norsk eigar etter å ha vore eigd av eit finsk børsnotert konsern.
Nytt

Går frå finsk til norsk eigarskap

Finske Apetit sel Sandanger i Gjerdsvika og heile Maritime Food til det norske Kverva-baserte selskapet Insula.

11.07.2017
- Dette vert no ei sak for Konkurransetilsynet å ta stilling til, men i utgangspunktet ser vi positivt på salet.
Det seier adm. dir. Jan Brevik i Fredrikstad-baserte Maritim Food.
Totalt er det rundt 100 tilsette i Maritim Food, som har 40 tilsette i Gjerdsvika i Sande kommune.

Jubel i Gjerdsvika

Dei to andre produksjonsstadane er Fredrikstad og Dingle nord for Uddevalla.
I Gjerdsvika vert det i hovudsak satsa på fiskekaker, fiskebollar, fiskeburgarar og makrell i tomat.
- I Gjerdsvika var det faktisk jubel mellom dei tilsette då eg opplyste om eigarskiftet. Det var tydeleg at her såg ein positivt på å få ein norsk eigar i staden for eit stort finsk børsnotert konsern, seier Brevik.

Sikker på vidare satsing

Sjølv er han sikker på at Insula vil utvikle selskapet vidare.
- Dei legg ikkje ein så stor sum pengar på bordet om det ikkje var for at dei ønskjer å satse vidare.
- Det er også eit godt teikn at dei ønskjer at alle nøkkelpersonar skal fortsette etter eigarskiftet.

Sel heile sjømatdivisjonen

Ifølgje ei børsmelding frå Apetit Plc vil selskapet selje heile sin sjømatdivisjon til norske Insula, som er ein raskt veksande aktør på sjømat både i Norge, Sverige og Finland.
Partane har vorte samde om å ikkje oppgi nokon kjøpssum.
I børsmeldinga viser Apetit til at ein vil konsentrere seg meir om marknaden for frosne grønsaker, der selskapet er leiande i Finland, samstundes som ein har søkt etter ein partner for å overta sjømatdivisjonen.
Apetit vil halde fram med å eige ein del av sjømatdivisjonen, men ikkje meir enn 20 prosent.

- God finsk plattform

I børsmeldinga seier konsernsjef Sigvald Rist i Insula at kjøpet av Apetit Seafood Finland vil gi Insula ei plattform for å vekse i den finske sjømatmarknaden.
- Finland har høgt sjømatkonsum, og vi ser på denne avtalen som ei stor mulegheit til både lære meir om og å utvikle den finske sjømatmarknaden.
Han slår også fast at kjøpet bidreg til å styrke selskapet sin posisjon i Sverige og Norge.

Stor norsk aktør

Insula vart oppretta i 2015 som ein del av Kverva si satsing på å byggje opp ein ny stor norsk sjømataktør.
Insula eig mellom anna Lofoftprodukt AS som produserer og sel sjømat, hovudsakeleg farseprodukt og røkte produkt av laks og ørret under merkevara "Lofoten".
Lofotprodukt eier også 49 % av Lofoten Aqua AS, eit selskap som eig ein konsesjon for oppdrett av laks og ørret.
Insula har i det siste kjøpt opp fleire selskap både i Norge og Sverige.
Morselskapet Kverva er også sterkt inne på eigarsida i selskap som Pelagia og Patogen.
Dei legg ikkje ein så stor sum pengar på bordet om det ikkje var for at dei ønskjer å satse vidare

Publisert: 11.07.2017 15:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12