Njål Sævik Lisa Edvardsen Haugan Karl Inge Rekdal foto Skjermdump Å KP 2021 06 18 121139 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
MEIR GRØNT: Havila Shipping-sjef Njål Sævik, Lisa Edvardsen Haugan frå Kongsberg Martime og Karl Inge Rekdal frå Sykkylven Stål under presentasjonen av GCE Blue Maritime nye og grønare strategi denne veka.
Analyser

Kursen måtte leggast om

Den politiske vinden bles i ei retning som gjorde at klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime måtte legge om kursen.

20.06.2021
ANALYSE

– Ein har ikkje noko val på dette. Om klynga skal halde den sterke posisjonen, så er ein nøydde til å gå i denne retninga, sa Njål Sævik i Havila Shipping til NETT NO då GCE Blue Maritime lanserte sin nye strategi tysdag 15. juni.

Oljeboomen fram til 2014 dreiv aktiviteten i klynga oppover, men no rettar klynga blikket ein annan veg.

Slik oppsummerer GCE Blue Maritime ambisjonen for klynga:
Å bli verdas første utsleppsfrie maritime klynge, som skal designe, bygge, utruste og drifte framtida sine nullutsleppsfartøy.

Strategiendringa er eit døme på korleis eit stort politisk prosjekt, å redusere utslepp av CO2 og andre gassar som blir rekna som klimagassar, for å bremse ein venta verdomspennade temperaturauke. Grunnlaget for den såkalla Parisavtalen frå 2015 er at ein temperaturauke vil vere negativ, og må begrensast. Kvart land som slutta seg til avtalen kunne sjølv velje kva mål dei ville sette seg for å begrense utslepp av CO2 og andre drivhusgassar, og spesielt EU (og Noreg) satsar på vere mest ambisiøse.

Konsekvensen er mellom anna at EU har utvikla eit sett med retningsliner for kva som må til for å at ei bedrift skal kunne kalle verksemda si grøn. Fell den innanfor kan den få tilgang til billegare finansiering, og finansinstitusjonane får krav om at ein viss andel av utlåna blir definerte som utlån til verksemd som er bra for miljøet.

Tanken er å gradvis bygge ut dette systemet til å omfatte stadig fleire deler av næringslivet og der gjennom sette fart på ei utvikling i det EU definerer er ei grøn retning. Det skal skape ein positiv smitteeffekt, slik EU ser det, der verknadane forplantar seg frå finansinstiusjonar og store bedrifter, ut til småbedrifter som er underleverandørar.

Den andre måten å oppnå dei politiske måla er å styre korleis offentlege midlar til forsking, utvikling og nyskaping blir brukt.

Både for næringslivet og klyngene er offentleg finansiering ei viktig kjelde for å betale for å utvikle, teste og bygge til dømes nye skip, meir effektive batteri og teknologi og infrastruktur for å ta i bruk til dømes hydrogen og ammoniakk som drivstoff.

Det vil heilt naturleg dreie forsking og utvikling i den retninga som politiske vedtak peikar, både fordi der er pengar å hente, og også fordi næringslivet har grunn til at det blir lagt til rette for at det skal vere ein marknad for produkt og teknologi som kjem ut av forsking- og utviklingsarbeidet.

Dersom den politiske viljen til å få lagt om energiforsyninga i den grad EU legg opp til er det snakk om både store investeringar i infrastruktur, teknologiutvikling og ressursutvinning.

For den planlagde CO2-utsleppsreduksjonen i 2050, skriv det internasjonale energibyrået IEA i ein rapport som blei utgitt i mai, er berre halvparten av utsleppskutta innan rekkevidde med dagens teknologi. Resten av teknologien er berre på eit demonstrasjon- og prototype stadium. Konsekvens? At regjeringane rask aukar og omprioriterer løyvingar til forsking og utvikling av teknologien som må til, skriv IEA i rapporten.

Klikk her for å lese samandrag av rapporten og kunne laste ned heile rapporten

Det er ingen politisk opposisjon - korkje i Noreg eller EU, mot klimamåla som Solbergregjeringa seier den vil nå - som er stor nok til at det er sannsynleg at eit eventuelt regjeringsskifte til hausten vil bety store endringar. Så langt ser det til at det er ei vurdering som gjeld også i EU. Med presidentskiftet i USA har også USA gått tilbake til ei line der landet sluttar seg til måla i Parisavtalen.

Dette er krefter GCE Blue Maritime rett og slett ikkje kunne ignorere.

Publisert: 20.06.2021 06:00

Sist oppdatert: 23.06.2021 09:15