Geiranger Turbuss med hoeg aktivitet
GEIRANGER TURBUSS: Torbjørn Arntsen starta med ein drosje, og sidan har det vekse på seg.
Nytt

Geiranger Turbuss med høg aktivitet

Geiranger Turbuss omsette for 10 millioner kroner i fjor og har også stor ordreinngong så langt i år. 

Kristin Vidhammer
11.04.2017
Det som starta med ein drosje i 2005 har i dag blitt til eit turbuss-selskap med mange bussar.
Etter stor vekst siste åra enda 2016 opp omlag som i 2015. Selskapet skriv i årsmeldinga at stor ordreinngong hittil i år styrker grunnlaget for fortsatt drift.
Selskapet hadde ved årets uløp åtte tilsette.

Innarbeidd seg på nye marknader

I turistsesongen har selskapet opptil 14 personar på lønningslista, og fullt opp å gjere med å køyre turistar i og til og frå Geiranger. Men dei siste åra har selskapet også greidd å innarbeide seg på nye marknadar, utanom turistsesongen. Der ligg forklaringa på veksten, forklarte Birthe Arntsen i Geiranger Turbuss til NETT NO i mai i fjor.
- Vi har fått meir køyring på vinteren, sa Arntsen.
Les også:
Les også:
Ho eig firmaet saman med sin ektefelle, Torbjørn Arntsen, og som grunnla selskapet.

Starta med ei drosje

Torbjørn Arntsen starta med ein drosje, og sidan har det vakse på seg. Drosjeverksemda er skilt ut i eit eige selskap som omfattar tre bilar og ein minibuss , medan buss-selskapet har fem vanlege bussar og ein toetasjers buss.
Utanom turistsesongen i Geiranger omfattar verksemda all slags turbuss-køyring, frå feriereiser i Europa, til skuleturar og utleige til lag og bedrifter som skal på arrangement.
I tillegg til Geiranger, har dei også busser lokalisert i Ålesund og slik at dei er lett tilgjengelig for oppdrag i heile regionen.
Veksten har vore rask. Så seint som i 2011 var driftsinntektene berre 1,5 millionar kroner. Året etter var inntektene oppe i fem millionar kroner, og i 2015 og 2016 låg omsetninga på 10 millionar kroner begge åra.
Vi har fått meir køyring på vinteren

Publisert: 11.04.2017 12:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08