Etter at turistbedriftene i Geiranger kjøpte ut Stranda og Nordal kommuner, og fekk kontrollen i destinasjonsselskapet blir det jobba på spreng for å meisle ut vegen vidare for Destinasjon Geirangerfjord Trollstigen.
Til generalforsamlinga i juni skal alt vere klart, men med opninga av turistsesongen i mai må mykje av arbeidet vere unnagjort før den tid.
- Vi har ein sesong som er ekstremt pressa, seier dagleg leiar Ove Skylstad i Destinasjon Geirangerfjord Trollstigen.
I første omgang er det snakk om å forlenge sesongen i begge endar, men etterkvart også heilårsturisme, i følgje Espeland.
Men korleis er viljen hos dei mange mindre bedriftene til å halde ope og gi turistane eit tilbod i nærleiken av det dei møtet om sommaren?
- Den er stor seier Espeland.
Dagleg leiar Ove Skylstad vonar på oppsluttning også om heilårsdrift. Hotel Union har satsa på vintersesongen i fleire år, men har så lagt vore nokså åleine.
- Eg håpar fleire har lyst til å utvide sesongen og satse ut over vinteren, seier Skylstad.
Ei ekstaordinær generalforsamlingvedtok å oppløyse selskapet.
Nedlegginga vart forhindra ved at turistbedriftene i Geiranger, gjennom Geiranger Turist- og Næringslag, kjøpte aksjane som kommunene Stranda og Nordal sat med og sikra seg meir enn to tredjedels fleirtal.
Blir det vellukka er neste steg heilårsdrift.
Dei peika mellom annan på rassikker veg til Eidsdal, tunnellsamband austover, ferje på fjorden, vern av landbruket og skule- og barnehagetilbod som viktige saker å arbeide med, også for destinasjonsselskapet.
Kanskje litt på sida av det eit destinasjonsselskap arbeider med?
- Det blir ofte sånn. Skal du ha fleire arbeidsplassar og legge til rette for heilårsdrift, så må du legge til rette, seier Løken.
Til generalforsamlinga i juni skal alt vere klart, men med opninga av turistsesongen i mai må mykje av arbeidet vere unnagjort før den tid.
- Vi har ein sesong som er ekstremt pressa, seier dagleg leiar Ove Skylstad i Destinasjon Geirangerfjord Trollstigen.
Vil forlenge
Utvida sesong er det ønsket som går att hos dei aller fleste medlemsbedriftene i destinasjonsselskapet. Det seier Harald Espeland, som er styreleiar i selskapet. Det er han som har hovudansvaret for å kartlegge korleis medlemsbedriftene meiner destinasjonsselskapet skal arbeide.I første omgang er det snakk om å forlenge sesongen i begge endar, men etterkvart også heilårsturisme, i følgje Espeland.
Men korleis er viljen hos dei mange mindre bedriftene til å halde ope og gi turistane eit tilbod i nærleiken av det dei møtet om sommaren?
- Den er stor seier Espeland.
Må samordnast
Trass i viljen meiner Espeland det likevel det må arbeidast ein god del med å samordne og semjast om korleis bedriftene skal halde ope for å utvide sesongen.Dagleg leiar Ove Skylstad vonar på oppsluttning også om heilårsdrift. Hotel Union har satsa på vintersesongen i fleire år, men har så lagt vore nokså åleine.
- Eg håpar fleire har lyst til å utvide sesongen og satse ut over vinteren, seier Skylstad.
Tok over laget
Etter at planen om å slå saman dei tre destinasjonsselskapa på Nordvestlandet gjekk i vasken i fjor (les meir under Relaterte saker), gjekk det mot ei nedlegging av Destinasjon Geirangerfjord Trollstigen.Ei ekstaordinær generalforsamlingvedtok å oppløyse selskapet.
Nedlegginga vart forhindra ved at turistbedriftene i Geiranger, gjennom Geiranger Turist- og Næringslag, kjøpte aksjane som kommunene Stranda og Nordal sat med og sikra seg meir enn to tredjedels fleirtal.
Utvidar på fjorden
Fjord 1 sitt reiselivsselskap, Fjords, som driv ferja Geiranger - Hellesylt, varsla i førre veke at det vil forlengje sesongen med ein månad frå og med i haust. Det betyr ferjedrift i heile oktober.Blir det vellukka er neste steg heilårsdrift.
Samfunnsrolle
NETT NO møtte Ove Skylstad saman med Kenneth Løken i Geiranger Turist og næringslag under Grøn fjord-konferansen i Geiranger i førre veke.Dei peika mellom annan på rassikker veg til Eidsdal, tunnellsamband austover, ferje på fjorden, vern av landbruket og skule- og barnehagetilbod som viktige saker å arbeide med, også for destinasjonsselskapet.
Kanskje litt på sida av det eit destinasjonsselskap arbeider med?
- Det blir ofte sånn. Skal du ha fleire arbeidsplassar og legge til rette for heilårsdrift, så må du legge til rette, seier Løken.
Eg håpar fleire har lyst til å utvide sesongen og satse ut over vinteren
Publisert: 14.03.2016 12:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54