Bilde 2022 08 08 072724055
MISTRAL: Berre fem PSV-ar tilbake i flåten til Bourbon Offshore Norway, her Ulstein-bygde Bourbon Mistral. Foto: Ulstein
Nytt

Gjeldfri med sterkt slanka flåte

Herøy-selskapet har på to år slanka flåten frå 22 til fem skip, men er no gjeldfritt.

08.08.2022

Det Herøy-baserte offshoreselskapet Bourbon Offshore Norway har no berre fem skip tilbake i flåten etter at selskapet har vore gjennom ei omfattande restrukturering. For to år sidan var flåten på 22 skip, men alle eldre skip er selde, og ein har i tillegg kvitta seg med alle ankerhandlarar. Tilbake er ein flåte på fem PSV-ar, der tre er heileigde, går det fram av årsrapporten til selskapet.

Selskapet har hatt store finansielle utfordringar, men etter ei vellukka restrukturering i desember 2020 og innfriing av to banklån eitt år seinare, er selskapet gjeldfritt, og 2,7 milliardar i lån er vekke.

Dette gir sterkt forbetra resultat i 2021, sjølv om driftsinntektene krympa.

Bourbon Offshore Norway
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 93,8 234,7
Driftsresultat -39,4 -620,5
Resultat før skatt -48 -864,3

Utbyte
Selskapet er eigd av det Marseilles-baserte konsernet Bourbon Marine & Logistics, og eigarane tar ut eit utbyte på 32 millionar kroner for fjoråret.

Styret er optimistiske for framtida, og skriv at det er auka rater og større aktivitet, spesielt i Nordsjøen. Ein trur heller ikkje at mange av skipa i opplag kjem tilbake i marknaden.

Ikkje opplag
Sjølv har Bourbon Offshore Norway ikkje skip i opplag.

Ved årsskiftet var det 17 årsverk i administrasjonen, og 70 eigne sjøfolk. I tillegg hadde ein 96 innleigde sjøfolk.

Samla eiegenkapital er på 200 millionar kroner.

Publisert: 08.08.2022 09:30

Sist oppdatert: 08.08.2022 08:43

Mer om