Ava Ocean markedssjef Anette Zimowski Henning Hofseth Oeystein Tvedt foto privat
BARCELONA: Ava Ocean er blant flere enn 40 bedrifter fra Nordvestlandet på messa. Fra venstre: markedssjef Anette Zimowski, produktsjef Henning Hofseth og administrerande direktør Øystein Tvedt. Foto: Privat
Nytt

Gler seg til å vise fram ny delikatesse

Ava Ocean mellom fleire enn 40 bedrifter frå Nordvestlandet på viktig sjømatmesse.

Tysdag braka det laust på den internasjonale sjømatmessa Seafood Expo Global i Barcelona. Fleire enn 40 bedrifter frå Nordvestlandet deltek på messa som samlar både dei som lagar og sel sjømaten, og dei som leverer teknologi og utstyr til industrien.

På lista over bedrifter frå regionen finn vi alt frå store eksportørar til fiskebåtreiarlag og oppdrettarar (sjå lista under).

Opplever stor interesse – også for teknologien
Ava Ocean
er mellom nykommarane på messa, og deltek som ein del av den norske paviljongen. Reiarlaget frå Ålesund har starta fiske av arktiske kamskjell – eller haneskjell – med den ombygde offshoreskipet Arctic Pearl.

– Det er første gong vi presenterer dei norske arktiske kamskjella på messa, og det er fleire tiår sidan sist gang dette var ei betydeleg del av den norske sjømateksporten, fortel markedssjef Anette Zimowski til Nett No.

Ho fortel om stor interesse for både og fangstteknologien dei har utvikla.

No gler reiarlaget seg til å dele erfaringane dei har hausta – og reknar med at det blir hektiske dagar med kundemøter og nettverksbygging.

– Kamskjella er også på menyen på den norske restauranten på messa, legg Zimowski til.

Seafood expo hofseth foto privat
GODT BESØK: Mange hadde tatt turen innom Hofseth International sin stand på sjømatmessa i Barcelona tirsdag. Foto: Privat

– Ein sentral møteplass
Marknadsjef Per Helge Devold i MMC First Process er veteran på messa og meiner det er viktig å vere til stades.

– Messa er ein sentral møteplass, der vi både treffer eksisterande kundar og bygger nye relasjonar, seier han.

Sjømat er framleis ein av dei meste etterspurde eksportvarene frå Norge. Devold påpeiker samtidig at sjølv om eksportverdien har auka – blir det selt mindre volum av sjømat til utlandet.

– Vi ser at det er andre marknader som er i vekst, og det er aukande behov for sunn og berekraftig proteinrik mat i verda, legg han til.

Per Helge Devold seafood expo MMC First Process foto privat 11
KLAR FOR HEKTISKE DAGER: Markedssjef Per Helge Devold på standen til MCC First Process før messa åpnet. Fram til torsdag blir det hektiske dager. Foto: Privat

Vekst på oppdrett ute i verda
Medan utstyrsleveransar til oppdrett i Norge har fått ein brems etter lakseskatten blei innført, aukar investeringane andre plassar i verda.

MMC First Process har allereie sikre seg leveransar til landbaserte oppdrettsanlegg i ei rekke land. På messa møter dei og andre bedrifter frå Nordvestlandet aktørar frå land som Chile, Peru, Equador, Danmark, Island og Sør-Korea.

– Også middelhavslanda er godt representert på messa. Her driv dei gjerne med andre artar, enn den tradisjonelle laksen og ørretten som vi har jobba mest med. Men eg er overtydd om at teknologien vi har utvikla her på Sunnmøre, kan bli tilpassa andre artar, seier Devold.

Dette er deltakarane frå Nordvestlandet:

Ser du nokon som manglar på lista? Send oss beskjed på redaksjon@nett.no

  • Mathias Bjørge as, Ålesund
  • Finefish as, Herøy
  • Hoseth Technology as, Kristiansund
  • Maritech as, Molde
  • MMC First Proscess as, Ålesund
  • Optimar as, Giske
  • PTG Frionordica as, Hustadvika
  • Steel Tech as, Ørsta
  • Thermo-Transit as, Ålesund
  • Aalesundfisk as, Ålesund
  • Andreas Bjørge Seafood as, Ålesund
  • Ava Ocean as, Ålesund
  • Babord Seafood as, Kinn
  • Blue Resource Group as, Ålesund
  • Cod-Export as
  • Coldwater Prawns of Norway as, Ålesund
  • Domstein Fish as, Kinn
  • DNB i Ålesund.
  • Ervik Seafood as, Stad
  • Fosnavaag Pelagic as, Herøy
  • Global Fish as, Ålesund
  • Hofseth International as, Ålesund
  • Jangaard Export as, Ålesund
  • Kontali as, Kristiansund
  • Leinebris as, Herøy
  • Mathias Bjørge as, Ålesund
  • Nils Sperre as, Ålesund
  • Nor Seafoods as, Ålesund
  • Norbait as, Ålesund
  • Nordic Wildfish as, Giske
  • Nordic Wildsfish Sales as, Giske
  • Normarine as, Ålesund
  • Norsk Sjømat as, Stranda
  • Norwegian Seafood Company as, Ålesund
  • Ode as, Ålesund
  • PHL Seagold as, Herøy
  • Polar Seafrozen as, Herøy
  • Pure Norwegian Seafood as, Averøy
  • Salmon Evolution Sales as, Ålesund
  • Sevrin Tranvåg as, Sula
  • Silver Seafood as, Molde
  • Sjømatkompaniet as, Ålesund
  • Star Seafood as, Kinn
  • Vikenco as, Aukra
  • Vikomar as, Hustadvika
  • Vild Seafood as, Ålesund
  • Villa Seafood, Ålesund
  • West Norway, Ålesund

Publisert: 23.04.2024 14:15

Sist oppdatert: 24.04.2024 09:44

Mer om