Geir Joar Kvalvag og Formfin foto poirvat og Ogne
NY SJEF: Geir Joar Kvalvåg (innfelt) overtok som toppsjef i Formfin Møbler for omlag ein månad sidan. Han er også marknadssjef. Møbelprodusenten har no omlag 30 tilsette. Foto: Privat/Ogne Øyehaug
Nytt

God start for ny Formfin Møbler-sjef

Møbelfabrikken i Hundeidvika er på plass hos Møbelringen-kjeda igjen.

01.10.2025

Førre gang Formfin Møbler selde gjennom Møbelringen-kjeda var i 2017. Den avtalen dei hadde då vart avslutta om sommaren, og gjorde at inntektene fall både i 2017 og 2018.

I 2016 var driftsinntektene til 65 millionar kroner, i 2018 hadde dei falle til 45 millionar kroner.

No er ein ny avtale på plass, og denne veka er Formfin Møbler sine stolar og sofaar på veg inn i Møbelringen sine butikkar fortel dagleg leiar Geir Joar Kvalvåg i Formfin Møbler. 

Avtale med tre kjeder
Frå før har Formfin Møbler avtale med dei to andre store norske møbelkjedene, Bohus og Skeidar.

Med Møbelringen-avtalen i tillegg betyr det auka kundemasse. Kvalvåg er optimistisk, men ønskjer ikkje å talfeste kor store inntekter den nye avtalen vil gi i år.

Fabrikken produserer ulike kolleksjonar for dei tre kjedene.

I fjor hadde Formfin Møbler eit underskot før skatt på 4,4 millionar kroner, og driftsinntekt på 44 millionar kroner. 2024 vart det tredje åre på rad med underskot.

Oppsving i vinter og haust
Første kvartal i år starta godt, før det dabba av i vår og i starten av sommaren , der selskapet også permitterte ein mindre del av arbeidsstokken ein kort periode., ifølgje Kvalvåg.

No er det oppsving igjen, fortel han,

Kvalvåg tok over som toppsjef etter Geir Ove Vegsund, som held fram som økonmisjef i bedrifta. Per i dag er det snakk om ei konstituert toppsjef-stilling medan selskapet vurderer leiarkabal og eventuell utlysing av jobben som sjef for selskapet, ifølgje Kvalvåg.  

Publisert: 01.10.2025 09:05

Sist oppdatert: 01.10.2025 09:03

Mer om