Familieselskapet Havila Holding oppnådde eit resultat før skatt på 215 millionar kroner i 2014, opp 18 millionar frå året før.
Dette skriv selskapet i ei pressemelding.
Driftsinntektene auka frå 3.417 millionar kroner i 2013 til 4.318 millionar i 2014, ein auke på 901 millionar kroner.
Eigenkapitalen for konsernet auka samstundes frå 2,5 milliardar kroner i 2013 til 2,68 milliardar i 2014.
Bak Havila Holding står Per Sævik med borna Njål, Hege og Vegard.
Både Havyard Group og Havila Shipping har svekka seg kraftig i verdi på børsen i løpet av 2015.
Selskapet har også eigarandelar i fiskeri Norge og utlandet, i tillegg til medeigarskap i ei rekkje eigedomsselskap.
- Mange flinke folk har jobba hardt for dette resultatet. Totaliteten er god, men vi har sjølvsagt også område som vi kan forbetre oss på.
- For oss er det ein fordel å ha fleire sterke bein å stå på når vi, som alle andre involverte, opplever tøffe tider i oljebransjen, seier Sævik.
Familien tek no ut 15 millionar kroner i utbyte, primært for å dekkje formuesskatt, vert det opplyst.
(Havila Holding eig 33,3 % av Bakkar og Berg Media, selskapet som gir ut NETT NO.)
Dette skriv selskapet i ei pressemelding.
Driftsinntektene auka frå 3.417 millionar kroner i 2013 til 4.318 millionar i 2014, ein auke på 901 millionar kroner.
Milliard i driftsresultat
Driftsresultat før avskrivning (EBITDA) var på ein milliard kroner i 2014.Eigenkapitalen for konsernet auka samstundes frå 2,5 milliardar kroner i 2013 til 2,68 milliardar i 2014.
Bak Havila Holding står Per Sævik med borna Njål, Hege og Vegard.
Stor aktør
Selskapet eig 63,5 % av børsnoterte Havyard Group, 50,5 prosent av børsnoterte Havila Shipping og 41 % av Fjord1.Både Havyard Group og Havila Shipping har svekka seg kraftig i verdi på børsen i løpet av 2015.
Selskapet har også eigarandelar i fiskeri Norge og utlandet, i tillegg til medeigarskap i ei rekkje eigedomsselskap.
Mange bein å stå på
Dagleg leiar Per Sævik seier i pressemeldinga seg rimeleg godt nøgd med resultatat.- Mange flinke folk har jobba hardt for dette resultatet. Totaliteten er god, men vi har sjølvsagt også område som vi kan forbetre oss på.
- For oss er det ein fordel å ha fleire sterke bein å stå på når vi, som alle andre involverte, opplever tøffe tider i oljebransjen, seier Sævik.
Familien tek no ut 15 millionar kroner i utbyte, primært for å dekkje formuesskatt, vert det opplyst.
(Havila Holding eig 33,3 % av Bakkar og Berg Media, selskapet som gir ut NETT NO.)
Mange flinke folk har jobba hardt for dette resultatet
Publisert: 26.06.2015 07:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45