Nytt
Googlemodellen er nordvestlandsk
Næringslivet på Nordvestlandet har allereie på plass mykje av det som har skapt suksessbedrifter som internettgiganten Google, meiner Kjersti Kleven. Trikset er å ikkje rote det bort.
05.06.2014
Kultur som skaper vekst er tema på Innotown-konferansen i dag, torsdag 5. juni.
Stikkord er inkludering, medeigarskap til drifta, direkte kommunikasjon mellom toppleiing og tilsette, og oppmuntring til å kome fram med nye idear.
Mellom foredragshaldarane er Shannon Deegan, som har arbeidd med rekruttering og personalutvikling i Google sidan 2007, og som nyleg er blitt ansvarleg for Google sitt arbeid for å hindre uvedkomande i å ta seg inn i systemet.
- Det er utfordrande spørsmål, seier Deegan.
Kleven finn klare fellestrekk med den bedriftskulturen ho kjenner på Nordvestlandet og bodskapet frå scena på Innotownkonferansen i dag, mellom andre frå Google:
Lite hierarki, bedrifter som er meir oppteken av kva folk kan enn kva posisjon dei har, kort veg frå toppleinga til folk på golvet og opneheit for idear frå alle.
- Dette er ein del av den sunnmørske arbeidskulturen, seier Kleven.
Ho meiner vi må vere opptekne av å verne arbeidskulturen på Nordvestlandet, og åtvarar mot misforstått profesjonalisering, der system og strukturar blir så stivbeinte at den fordelen næringslivet på Nordsvestlandet har hatt med å trekkje med seg sine tilsette går fløyten.
- Vi må framelske dette enda meir, seier Kleven.
Stikkord er inkludering, medeigarskap til drifta, direkte kommunikasjon mellom toppleiing og tilsette, og oppmuntring til å kome fram med nye idear.
Mellom foredragshaldarane er Shannon Deegan, som har arbeidd med rekruttering og personalutvikling i Google sidan 2007, og som nyleg er blitt ansvarleg for Google sitt arbeid for å hindre uvedkomande i å ta seg inn i systemet.
Drage med alle
Hos Google er det avgjerande å trekkje med dei tilsette og skape ein kultur som gjer at gode idear dukkar opp nedanfrå. Eitt av midla er å la leiinga svare på spørsmål frå tilsette kvar torsdag. Spørsmåla er lagt inn og delt mellom alle tilsette, som i sin tur stemmer fram dei spørsmåla som leiinga må svare på. Heile seansen blir filma og lagt ut, slik at Google-tilsette verda over kan få med seg diskusjonen.- Det er utfordrande spørsmål, seier Deegan.
Klare fellestrekk
- Når eg høyrer på det som blir sagt i dag, så tenkjer eg at både vi og andre i har gjort mykje rett, seier Kjersti Kleven. Ho er styreleiar og medeigar i Kleven-konsernet, styreleier i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Norsk Industri og vart denne vekaKleven finn klare fellestrekk med den bedriftskulturen ho kjenner på Nordvestlandet og bodskapet frå scena på Innotownkonferansen i dag, mellom andre frå Google:
Lite hierarki, bedrifter som er meir oppteken av kva folk kan enn kva posisjon dei har, kort veg frå toppleinga til folk på golvet og opneheit for idear frå alle.
- Dette er ein del av den sunnmørske arbeidskulturen, seier Kleven.
Kulturen må vernast
For Kleven har Innotown vore ei påminning om kva som er viktig, og av stadfesting av kva som er bra med næringslivet på Nordvestlandet.Ho meiner vi må vere opptekne av å verne arbeidskulturen på Nordvestlandet, og åtvarar mot misforstått profesjonalisering, der system og strukturar blir så stivbeinte at den fordelen næringslivet på Nordsvestlandet har hatt med å trekkje med seg sine tilsette går fløyten.
- Vi må framelske dette enda meir, seier Kleven.
Både vi og andre i har gjort mykje rett
Publisert: 05.06.2014 14:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:33