Flowtru ser etter investorar
GRÜNDERAR: Roar Stenersen (f.v.), Martin Jung Leine og Gisle Vinjevoll Thrane var medeigarar i Flowtru saman med Oshaug Metall i Molde og danske Cavech APS. Etter seks års utvikling kasta selskapet inn handkleet og melde oppbod. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Gründerselskap fekk alle odds mot seg

Kom seg gjennom konkurs hos partnar og kapitaltørke etter lakseskatten. Så sette Innovasjon Norge ned foten.

Marius Rosbach
27.01.2025

Herøy-selskapet Flowtru har opplevd meir motgang enn dei fleste – og kome seg vidare. 

Men då selskapet hadde fått med dei andre kreditorane med på ein avtale om gjeldssanering, ville ikkje Innovasjon Norge godta forslaget. 

Dermed enda gründerane med å melde oppbod, førre veke. 

Slik summerer bustyrar Linda Brevik opp den direkte årsaka til konkursen etter å ha lest saksdokumenta til tingretten og snakka med styreleiar Roar Stenersen i selskapet. 

– Dei jobba med ei frivillig gjeldssanering der Innovasjon Norge og Sparebanken Møre var dei største kreditorane. Dei fekk med dei andre kreditorane på forslaget, men det blei ikkje godteke av Innovasjon Norge, fortel Brevik til Nett No. 

Så seg nøydd til å melde oppbod
Gründerane skriv i ei pressemelding at Flowtru ikkje har midlar til å løfte selskapet vidare, og at styret så seg nøyd til å melde oppbod. 

Innovasjon Norge hadde saman med Sparebanken Møre eit lån i selskapet på kring 3,7 millionar kronar. 

Nett No er kjent med Innovasjon Norge si grunngjeving for å ikkje vere med på gjeldssaneringa som låg på bordet. 

Det blir vist til at det blir gjort ei heilskapleg vurdering, og viser til at forslaget ikkje oppfyller prinsippa dei skal følgje. Mellom anna blir det etterlyst meir eigenkapital frå gründerane. 

Nett No stilte fleire spørsmål om saka til Innovasjon Norge fredag, og har fått opplyst at dei vil kome tilbake med svar måndag. 

Flowtru foto flowtru
FISKEPUMPE: Flowtru sikta seg inn mot oppdrettsbransjen med ei fiskepumpe som gjer at levande fisk kan transporterast utan å passere fysiske hinder. Foto: Flowtru

Partnar gjekk konkurs
Flowtru har sidan starten i 2018 jobba med å utvikle ei fiskepumpe som gjer at levande fisk kan transporterast utan å måtte passere fysiske hinder. 

– Det verkar vere ein ide og produkt som er liv laga. Tilbakemeldingane har vore at det trengst mindre modifiseringar før den er klar for marknaden, seier bustyraren. 

Allereie i 2020 gjekk selskapet inn i ein samarbeidsavtale med utstyrsprodusenten Stranda Prolog om å utvikle fiskepumpa vidare.

Kort tid etter gjekk Stranda Prolog konkurs. 

Hadde emisjon klar – så kom lakseskatten
I etterkant blei det jobba med ein større emisjon for å sikre den vidare utviklinga av Flowtru. 

– Selskapet hadde ein fullteikna emisjon som berre stod att å signere. Så blei grunnrenteskatt på oppdrett lagt fram, og investorane trekte seg frå avtalen, fortel bustyrar Linda Brevik. 

Lakseskatten førte som kjent til ordretørke for leverandørane til oppdrettsbransjen i Norge. Samtidig var det ei periode der tilgangen på investeringskapital generelt blei knappare.

Publisert: 27.01.2025 05:00

Sist oppdatert: 27.01.2025 22:30

Mer om