Bente Lund Jacobsen Gath sjef foto Ogne
MØRKE UTSIKTER: Dagleg leiar Bente Lund Jacobsen i GATH-nettverket er uroa for at fleire bedrifter vil gå over ende som følgje av bremsen i oppdrettsbransjen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

– Bekymra for at vi vil sjå blodraude tal i 2024

Framleis full stopp i nye oppdrag til oppdrett i Norge. Mange er i ferd med å tømme ordreboka.

Marius Rosbach
27.10.2023

Nordvestlandet er base for ein rekke bedrifter som leverer varer, utstyr og tenester til havbruksnæringa. Det gjer at regionen er spesielt hardt råka av ordrestansen som kom i kjølvatnet av at lakseskatten kom på bordet.

Dagleg leiar Bente Lund Jacobsen i nettverket GAHT – Global Aquaculture Tech Hub – har vore i jobben i berre eit par månader, og ho vil helst ikkje klage.

På spørsmål om korleis framtida ser ut for bedriftene som lever av oppdrag for oppdrettsbransjen, er det likevel ingen grunn til å sjå lyst på ting.

Jacobsen er tvert imot sterkt uroa for fleire av hennar medlemsbedrifter.

– Vi kan få sjå alvorlege konsekvensar om det ikkje losnar ganske snart. Og det ser ikkje ut til å gjere det, seier ho til NETT NO.

Uroa for at bedrifter går dukken
Nettverksleiaren fortel at det knapt er registrert ein einaste nye ordre frå norske oppdrettarar. Det samsvarar med kva leverandørbedrifter har fortalt til NETT NO i løpet av det siste året.

– Eg er veldig bekymra for at vi vil sjå blodraude tal i 2024, og at bedrifter i verste fall ikkje overlever og at det blir fleire konkursar, seier Jacobsen.

Då bransjen møttest til den første GATH-konferansen i fjor haust, var stemninga god og utsiktene til vidare vekst store. Nokre veker seinare vart situasjonen snudd opp-ned etter at forslaget til grunnrenteskatt for oppdrett blei lagt fram.

Fleire hundre årsverk vekke
Bransjenettverket kunne allereie i vår slå fast at kring 700 årsverk var gått tapt i Møre og Romsdal sidan i fjor haust. Talet kom fram i ei rundspørring hos oppdrettsleverandørane, og inkluderer både folk som er oppsagde og årsverk som ikkje er blitt realisert.

Jacobsen fortel at det også har vore permisjonar og oppseiingar i leverandørbedriftene i etterkant.

Ho er samtidig imponert over korleis medlemsbedriftene hennar jobbar for å sikre meir arbeid.

– Eg trur at mange vil finne løysingar, og vi treng både arbeidsplassane og utvikling i bransjen, fortel ho.

Les også

– Ikkje berre å hoppe inn i ein ny marknad
GATH-leiaren fortel at fleire bedrifter no jobbar på spreng med å finne nye marknader.

– Nokre av bedriftene har vore inne på eksportmarknaden ei stund, men det er ikkje noko du klarer å snu over natta, seier Jacobsen.

Ho påpeiker at det må lagast strategiar, tilsettast folk med kompetanse til å jobbe med nye marknader – også må ein lukkast med å knyte kontaktar som kan gi oppdrag.

– Det er ikkje berre å hoppe inn i ein ny marknad, påpeiker ho.

Dialog med oppdrettsbransjen på Island
Spørsmålet er om internasjonal vekst kan veie opp for tapet av oppdrag i Norge. Nyleg var fleire av medlemsbedriftene på Island, der dei fekk møte representantar for næringa.

– Island satsar på ei fleirdobling av produksjonen framover, og vi fekk veldig positive tilbakemeldingar frå teknologibedriftene våre som vil halde fram dialogen, seier Jacobsen.

Artec Aqua er mellom leverandørane som allereie har sikra oppdrag med landbasert oppdrett på Island. Jacobsen påpeiker at Island likevel er eit lite land med ein avgrensa marknad.

– Verksemder som er lite kjent
Fleire av selskapa i leverandørklynga til oppdrett har vore mellom dei raskast veksande på Nordvestlandet dei siste åra.

Samtidig har havbruk og leverandørindustrien vore mellom næringane som har vore diskutert som aktuelle satsingsområde i regjeringa sin eksportstrategi.

Trass i at regjeringa sjølv har ønska ei fleirdobling av havbruksnæringa her til lands, har det blitt med praten.

– Vi har hatt fleire møter med Innovasjon Norge og meiner det burde vore satsa for lenge sidan, seier GATH-leiaren.

Medan oppdrettsselskapa er godt kjent for dei fleste, er det færre som veit kven leverandørbedriftene er og kva dei gjer. Det trur Jacobsen er noko av utfordringa.

– Det er verksemder som er lite kjent, men dei kan tilby teknologi og løysingar som inneberer fantastiske moglegheiter, påpeiker ho.

Podium

E24/S2 Slik skal GATH styrke havbruksnæringa

Publisert: 27.10.2023 05:00

Sist oppdatert: 26.10.2023 22:37